Hellesylt Kraftverk i Steimsåsane

Inntaksdammen til Hellesylt kraftverk er framleis full av vatn, men ikkje i bruk til kraftproduksjon.

-Med ljosgreie har det vore eit veldig omskifte og framsteg dei siste mannsaldrane. Solljoset er nok det beste og billegaste ljoset. Men vi nordboarar treng lange bolkar kunstig ljos-.

Slik står å lese som innleiing i avsnittet «Frå langeld til elektrisitet» i bygdeboka for Sunnylven og Geiranger.

Det kom etter kvart mange små elektriske kraftverk tidleg på 1900-talet. Det erstatta dei primitive ljoskjelder som tyristikker, talgljos, koler eller steinheller med hol i der det vart kveikt eld i spøner og anna brennbart.

Fyrste elektrisitetsverket i Sunnylven kom på Frøysa i 1912. Seinare stod Langedalen elektrisitetsverk ferdig til jul i 1926, og Hellesylt kraftverk til jul 1927. Kraftstasjonen ved Stadheim var den største, produserte 200 kw. og leverte kraft til abonnentar frå Hellebostad og Øie til Hellesylt sentrum. På 2000-talet har Sunnylven fått nye og større kraftverk på Stadheim, Ringdal, Lillebø og på Hole. Og nye er planlagde og under behandling for utbygging.

I tre, fire artiklar skal vi sjå tilbake på historia kring Hellesylt kraftverk. Det var eit storhende den dagen i 1927 då kraftverket vart sett i drift, men det skulle fort vise seg at kraftverket produserte for lite elektrisitet. Styret i kratverket hadde drøftingar og vurderte fleire løysingar, men var langt frå samde om «vegen vidare», går det fram frå gamle referat.

Hellesylt Kraftverk frå 1927.

Møre fylkes elektrisitetsforsyning planla Hellesylt Kraftverk i Stadheimsfalla, og ingeniør Høstmark leia byggjearbeidet. Det var det fyrste vekselstraumsverket som var bygt i våre bygder. Røyrgata var 400 meter lang og med trerøyr, turbinen var fabrikert av Myren og på 300 hk. med ein AEG-dynamo på 200 kw. med 6500 volt vekselstraum.

Hellesylt kraftverk var eit partslag med 71 partar, kvar på 400.- kroner innskot og arbeid verdsett frå 250.- til 650.- kroner. Totalt kosta kraftverket 115.000.- kroner, ein del av dette var lån. Mangeårig styreformann var Jørgen Flo, og Magne Frøse var kasserar. Tilsynsmenn på kraftverket i fleire år var Anton Stadheim og Oscar Tryggestad. Verk var i drift frå jul i 1927 til midten av 60-talet.

Det var naturleg nok ei storhending å få elektrisitet til svært mange heimar til jul samstundes. Frå heller primitive varme –og ljoskjelder til å skru på ein brytar var ei nesten uverkeleg hending.

«No har dokke veda godt», sa styremedlem Knut Stadheim til mange som hadde jobba med bygginga av kraftverket då straumen kom på vesle julaftan 1927. Den nye energikjelda ville erstatte mange tre og mykje ved frå skogen, meinte han nok med kommentaren sin.

Ljoshendinga denne kvelden gav også andre ei oppleving som dei fortalde om mange år seinare. Ei ung jente som budde på Hellesylt hadde vore fram på Øggarden og stelt husdyra om kvelden. Då ho kom heim på høgda og såg Hellesylt sentrum var kraftverket sett i drift. Ho fekk sjå eit ljoshav, eit syn ho aldri hadde sett før, er det sitert etter henne. «Ljoshavet» som ho kalla det var nok ikkje som i dag, truleg var det ein utelampe på dei fleste husa, og kanskje lyste det frå ein eller fleire lampar inne.  Men i motsetnad til vanleg så lyste det mykje i den mørke kvelden, ho vart nesten skremd av synet ho fekk sjå, fortalte ho nokre år seinare.

Alle frå Hellebostad til Hellesylt sentrum fekk elektrisk kraft til jul dette året. Men framleis var det 70 heimar i Bygda og Dalen som sat i «mørke» og skulle gjere det dei neste 25 åra.

Mange meinte at Hellesylt Kraftverk var for stort då det vart planlagt, men det var ein spådom som var feil. Det skulle vise seg at alt som vart produsert og levert gjennom det 4.5 kilometer lange høgspentnettet og dei like lange lågspentlinjene vart tinga vekk og brukt. Pågangen var så stor at det måtte ei viss rasjonering til av den ettertrakta energien.

Søknader.

Fleire abonnentar: Og snart kom det søknader frå andre deler av Sunnylven, frå dei som enno sat med talgljod, parafinlampar og eit skurebrett til klesvasken om å få knyte seg til. Ein søknad frå ein bonde på Storstein om å få utvide linjenettet også til Hauge, Helset og Storstein vart grundig behandla på to styremøter og til slutt på selskapet si generalforsamling. Søknaden vart avslegen, det vart ikkje produsert nok til å knyte til fleire.

Kaiarbeid: I 1937 vart kaia på Hellesylt utvida og Hellesylt kraftlag fekk søknad om å levere elektrisk kraft under arbeidet. Dette stilte styret seg positiv til. Inntil 50 kw. skulle utbyggjaren få lov til å bruke midt på dagen, men det fylgde atterhald med vedtaket;

–Meir enn 50 kw. hev dei ikkje bruk for og det skal dei få. Skulle dei ha bruk for meir lyt ein prøve å lage seg slik at ein slår ut enkelte transformatorar slik at kaia får det den treng. Skulle det kome på noko med kraftverket, maskinskade eller transformatorskade eller linjeskade er kraftverket utan ansvar-.

Kraftleige frå kaiarbeidet vart kravd inn fyrst i 1939. Då hadde det blitt brukt 9265 kilowattimar a kr. 0.06, til saman kr. 555.90. Styret avrunda beløpet til 525.-.

Vedsaging: Tidleg på 40-talet kom det ein søknad frå Hellebostad om leige av kraft til saging av ved på Hellesyltkaia. Søknaden vart innvilga på visse vilkår, men;

-Ikkje saging på føremiddag, men berre på ettermiddag og ikkje etter mørkets frambrudd-.

Varmvassberedarar: Det kom fleire søknader om kraft, mellom anna frå bedehuset og ungdomslaget. Dei fekk begge fri kraft til kvar sin varmtvassbehaldar mot at dei sjølve ordna med avløp for vaskar og kloakk. Vedtaket vart begrunna med betre sanitære tilhøve under servering ved dei to forsamlingslokala, står å lese i styreprotokollen.

På styremøte 22. november 1940 vart det behandla ein søknad frå ein abbonent om å få leige 200 watt til ljos frå den dag ho fekk installert og kunne ta krafta i bruk. Det vart vedteke. På eit styremøte noko seinare kom ein ny søknad frå same om å få auke kraftmengda til 1.kw. Her uttalar styret; «Styret finn at då det alt er for lite kraft så må det tidlegare vedtak om 200 watt stå ved lag.»

Som ein forstår var Stadheim Kraftverk for lite alt frå starten av. Og vasstilførsla i Bygdaelva var ei av dei største årsakene, noko styret jobba mykje med i dei neste åra.

I 1940 kom tyske soldatar til Hellesylt. Dei etablerte seg mellom anna på ungdomshuset Fossedur og nytta seg av elektrisk kraft frå Hellesylt Kraftverk. I styremøte 22. november same året var bruken av kraft på ungdomshuset drøfta, kva tyskarane kunne bruke av kraft og kva dei skulle betale.

Det vart vedteke at betalinga skulle vere 10.- kroner for månaden for den kraft dei nytta til ljos. Elektrisk kraft til oppvarming fekk dei ikkje lov til å nytte, varme måtte dei skaffe seg på anna måte. Ordførar Knut Stadheim og Magnus Frøse fekk oppdraget med å prøve å innkassere desse pengane. Om det gjekk greitt å utføre oppdraget, kjenner vi ikkje til.

Kraftbehovet var stort, men leveransane frå Hellesylt Kraftverk var begrensa. To søknader i 1941 om tillegg av små mengder kraft for heile året, den eine 100 watt og den andre 200 watt var einaste sak på styremøte i april. I eit samrøystes vedtak heiter det;

«Styret går med på at søkjarane skal få søknadane innvilga, men på det bestemte vilkår at dette tillegget i kraft gjeld frå ¼ til 1/10 1941. Vi har ikkje kraft meir å leige burt til vinterbruk».

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380