Lokalnytt

Juledukkert på Hellesylt

Jens Vik stuper i sjøen ved badehuset

Det var langt frå sommartemperatur då tøffingar, dei fleste damer kasta seg i Sunnylvsfjorden laurdag. Belønninga på land var pepperkake, pølse med brød, gløgg og varme frå ei gloheit bålpanne.

-No er det gjort, sa Jens Vik då han vassa i land i si klissvåte, heildekkande badedrakt. Julelauget i Sunnylvsfjorden skulle han ha med seg i år også, slik elleve andre. At snøbygene stod i fjella og med ein nordleg vindtrekk var visst ikkje så farleg, det var artig å bade likevel sjølv om fleire vedgjekk at det var kaldt.

I år var det Vintersolkverv, eller som mange seier at «sola snur» dagen før klokka 23. 23, men den årvisse Solsnubadinga vart bestemt til dagen etter ved flo sjø. Eitt av dei nederste trinna i trappa til sjøen er nemleg borte, men det vil Hellesylt UL, badehuseigaren og arrangør av Solsnubadinga få ordna snart.

Solsnubading ved badestranda på Hellesylt vart arrangert fyrste gong i 2014 og har sidan det vore årleg. Denne gonge heldt badevatnet 10.0 grader.

Kaldt!!

Godt å varme seg rundt bålpanna etter sjøbadet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380