Lokalnytt

Julekonsert med kulturskulen

Tre gode pianistar under julekonsert på omsorgssenteret, frå venstre Matti, Ådne og lærar Evgenii

Av mange tradisjonar som føl julefeiringa er konserten på Sunnylven omsorgssenter med lokale aktørar frå Stranda kulturskule.

Fredag 14. desember fekk bebuarane ved Sunnylven omsorgssenter besøk av mange unge elevar frå kulturskulen. Det var invitert til minikonsert i daglegstova der gjestane trakterte fleire instrument, piano, gitar, fele og rytmeinstrument. Med på konserten var også lærarar frå kulturskulen, Synnøve Hjellbakk Hole, Evgenii Zhukov og Erik Torset.

Mange av bebuarane møtte fram og hadde nok glede av tonane frå dei unge musikarane. Mykje av repertoaret var kjente juletonar, men også litt anna.

Sina Helen spela fele saman med lærar Synnøve Hjellbakk Hole. På piano Evgenii.
Eit ungdommeleg band, frå venstre Oskar, Ingeborg, Dean, Ari, Kristen og Sander.
Ny gruppe musikarar frå kulturskulen, frå venstre Adrian, Tonje, Ida Susann, Elias. Heilt til høgre lærar Erik Torset.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380