Juleverkstad og Lucia-feiring ved Sunnylven skule
Elevane ved Sunnylven skule jobba trufast under juleverkstaden sin torsdag. Og «hardt» arbeid krev god og næringsrett kost, noko Sunnylven sanitetslag sytte for.
Sunnylven skule var reine julenisseverkstaden torsdag. Over alt vart flott og kreativ julepynt forma av godt, hendig handelag. Unge og eldre elevar stod ivrig på og med rettleiing frå lærarar og nokre foreldre. Her vart mykje fint å ta med heim til jul. Kanskje vart det laga ei og anna julegåve også så det meste av produksjonen frå juleverkstaden får vere hemmeleg. Også på skulekjøkkenet var det stor aktivitet, her vart det laga gode julekaker, og lusse-kattar.
Sidan juleverkstaden ved Sunnylven skule var på Lucia-dagen fekk alle elevar og tilsette spandert kvar sin lussi-katt av elevar frå 1. og 2. klasse. Dei kom tradisjonen tru inn i matsalen med sine korger med lusse-kattar, med lys og syngjande på Lucia-songen
For i storefri midt var alle samla til felles måltid spandert av Sunnylven sanitetslag. Som alltid bestod måltidet av masse frukt, grovt brød med to sortar ost og fårepølse til pålegg, og kakao.
-Sanitetsdamene har gjort måltidet til tradisjon denne dagen, sa rektor Roar Seljeset. Kor mange år det har blitt visste han ikkje, men han takka så mykje for eit velsmakande måltid samstundes som han rosa laget og sanitetsdamene for mykje anna dei gjer for bygda og folket som bur i Sunnylven. På landsbasis er det ein stor organisasjon med 40.000 medlemer, fortalde rektor før han fekk med seg heile salen i ein velfortente applaus som takk.
Og her er nokre bilete frå juleverkstad ved Sunnylven skule.