Klassevinnarar til Sunnylven IL i langrenn

Systrene Kristine fremst og Anniken Hjellbakk Hole kjempa like godt i løypa og kom i mål på same tid under Cup-rennet på Stavsengfjellet søndag. (Foto: Privat)

På grunn av mange kuldegrader på Bjorli vart andre renn i Sparebanken Møre Cup flytta og arrangert på Stavsengfjellet søndag. Sunnylven IL fekk to klassevinnarar.

Kristine Hjellbakk Hole og Anniken Hjellbakk Hole vann kvar si klasse under andre renn i Sparebanken Møre cup på Stavsengfjellet søndag.

I Jenter 17/18 år kom Kristine i mål på 24.54, 1.15 før nr. to Live Johanne Vestre Røkke, Stordal IL. Distansen var 9.0 km. fristil.

I same løype og lengd gjekk også Damer senior. Anniken Hjellbakk Hole var einaste deltakar denne gongen, men kom i mål til god tid og same som syster Kristine, 24.54.

I dei eldre klassene dominerte løparar frå klubbane Emblem, Valldal, Tomrefjord og Molde. Det blir rapportert om bra deltaking og med gode snøforhold, men med ein litt kald vind under rennet med Stordal IL som arrangør.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380