Ordføraren lova full støtte

Ordførar Jan Ove Tryggestad overrekte blomar frå Stranda kommune til Lærar Ole Bjørn Hjellegjerde for sinnsatsen han legg ned for mange gode ungdomsbedrifter.

Saman med andre frå kommuneadministrasjonen var også ordførar Jan Ove Tryggestad til stades på lanseringsfest for Ungdomsbedrifter ved Stranda Vidaregåande skule. Han helsa og lova støtte til skulen i framtida.

Som mange andre gav også ordførar Jan Ove Tryggestad uttrykk for å ha fått oppleve ein flott lanseringsfest på Stranda vidaregåande skule.

-Det har vore mykje fokus på vidaregåande skular i Møre og Romsdal i det siste, meiningar og påstanda vi skal vere på vakt mot og stå i mot. Eg registrerer at kvaliteten frå skulen på Stranda er jamt god og det er viktig, det er det beste argumentet mot nedbygging av Stranda vidaregåande skule. Og la det vere klokkeklart, vi skal kjempe mot nedlegging, i den kampen vil kommunen stille opp, sa ordførar Tryggestad.

Han tykte det var godt å bli masa på av rektor angåande bygging av fleirbrukshall. Då er der vilje til å stå på, sa han. Hallen var viktig både for Stranda vidaregåande skule og for Vestborg, det vil skape nye aktivitetar og binde skulane sterkare til Stranda.

Ordføraren rosa det han hadde opplevd av elevar og skuleleiing denne kvelden, og trekte fram smaksprøvene frå Munnfull UB, før han henta fram ein blomsterbukett frå Stranda kommune. Den ville Tryggestad overrekke, ikkje til rektor denne gongen, men til lærar Ole Bjørn Hjellegjerde for engasjementet og arbeidet han legg ned for ungt entreprenørskap ved skulen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380