Notiser

Rår til å skrive Ringdalen

Ved inngangen til Moldskreddalen ligg gnr. 90 som språkrådet tilrår å kalle Ringdalen.

I namnesak for gnr. 90 i Sunnylven rår Språkrådet i Møre og Romsdal til at skrivemåten bør vere Ringdalen.

Språkrådet kjem med ei lang utgreiing og grunngjeving for at dei tilrår Ringdalen for gnr. 90 i Sunnylven i Stranda kommune. Dei understøttar tilrådinga med skrivemåtar som har blitt brukt i eldre tid. På 1900-utgåve av sjøkart 215 er namnet Ringdal, men i eldre namneformer frå 1600-talet er både Rinndal og Ringdall nytta.

I daglegtale no blir namnet uttala ulikt, det blir sagt «opp på Rendalen» eller «opp på Ringdalen» skriv språkrådet. Grunneigarar som har uttala seg har gått inn for Ringdal som skrivemåte.

-Me finn det altså mest tilrådeleg at skrivemåten Ringdalen blir fastsett som offisielt gardsnamneform, skriv språkrådet i Møre og Romsdal.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380