Lokalnytt

Rikhaldig adventshelg

På Hellesylt var det mange arrangement den fyrste helga i advent. Laurdag var Sunnylven samfunnshus samlingsstad for julemesse og søndag same stad var det juletombola med Sunnylven skulekorps.

Sunnylven Bygdekvinnelag var arrangør av den 11 julemessa på Hellesylt laurdag. Dit kom det bra med besøk sjølv om også nabobygder hadde sine julearrangement same dag. Men fleire av dei 13 med salsboder var godt nøgde med handelen, fortel styremedlem i arrangørlaget Marit Hellebostad. Også salet av julegraut, kaffi og kaker som bygdekvinnelaget stod for gjekk unna. Og dei selde like mykje som i fjor.

-Alt i alt var det i vellukka julemesse så det blir nok salsmesse også neste år, trur Marit Hellebostad.

Premierte pepperkakebygg

Skulekorpset sin juletombola var på søndag, eit arrangement med lage tradisjonar på Hellesylt. På slutten vart det trekt vinnarar i pepperkakeutstillinga. Dei heldige «byggelaga»  i år og som fekk seg kvar sin julenisse var; Vilde, Fredrik og Ingeborg, Kai Adam og David, og borna i Sunnylven Barnehage.

Julegrana tent

Før lysmessa i Sunnylven kyrkje vart så julegrana i Hellesylt sentrum tent. Og slik tradisjonen er heldt Sunnylven skulekorps sin mini julekonsert i gata ved Ole Ringdals plass også i år. Eit innslag som store og små ventar på der det blei runde på runde kring det flotte, lysande grantreet til kjende og kjære juletonar frå korpset.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380