Lokalnytt

Startar vedlikehald i Bygdetunet til våren

Det gamle våningshuset i Hellesylt Bygdetun skal vølast til våren. Til venstre «nyehuset» og i bakgrunnen ser vi låven. (Foto frå arkivet)

For nokre år sidan vart det påvist råteskadar og svikt i grunnmuren på det gamle våningshuset i Hellesylt Bygdetun. Til våren blir det utbetra.

Hellesylt Bygdetun var ei gåve frå tre sysken til Stranda kommune i 1992. Med bygningar og jordveg på den vesle buplassen Lillegjerdet mellom Ringdalsvegen og Nybø i Sunnylven følgde også alt innventar, mykje gamalt reiskap og eit kontantbeløp på 250.000.- kroner. Det skulle nyttast til stell, vedlikehald av jord, hus og innbu, heitte det.

I Hellesylt Bygdetun har det blitt utført registrering av alt som følgde med gåva og vedlikehald, men no står meir for tur, opplyser leiar i styret for stiftinga, Jan Ove Tryggestad. For nokre år sidan vart det oppdaga både råteskadar på tømmeret og at muren på det gamle våningshuset sig ut. For at skaden ikkje skal bli vere, blir det sett i gong arbeid for utbetring til våren neste år. Den erfarne restaureringssnikkaren Kåre Løvoll er hyra inn saman med andre fagfolk, fortel Tryggestad.

For å reparere råteskadane som fyrst og fremst er på botnstokken (sylvstokken) må heile våningshuset jekkast opp. Då skal også grunnmuren plukkast ned og murast opp på nytt. Alt skal gjerast av fagfolk på antikvarisk måte som det heiter, seier Jan Ove Tryggestad.

Tryggestad opplyser at styret i Hellesylt Bygdetun har fått ein fast pris på arbeidet. Kostnaden blir dekka gjennom eigne middlar, tildelte gåver frå Sparebanken Møre der det no står 140.000.- kroner, gåve frå Venneforeininga for Bygdetunet og andre, og tilskot frå Stranda kommune.

Arbeidet vil starte opp kring 1. mars 2019 om forholda tillet det.

Både råteskadane og at gunnmuren sig ut er godt synlege på gamlehuset. (Foto frå arkivet)

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380