Lokalnytt

Stort frammøte på juleavslutning

Elevar frå småskulen sjarmerte alle med sin song og forteljinga frå juleevangeliet

Ved Sunnylven skule var det juleavslutning onsdag kveld. Elevar frå småskulen, 5. 6. og 7. klasse og 10. klasse stod for programmet frå scena i år.

Som vanleg var juleavslutninga ved Sunnylven skule godt besøkt av foreldre sysken og andre slektningar. Sunnylvingar hegnar om skulen i bygda, ein læringsplass dei verdset høgt.

Det var Roar Seljeset som leia programmet og han fortalde om litt av det skulen hadde gjort i haust. Det var ikkje lite, for i tillegg til det faste frå lærebøker har elevane hatt fleire store og små prosjekt, og vore på både korte og lange turar i nærområdet til skulen. Hausten hadde hatt nye, gode læringsveker, sa rektor.

Roar Seljeset kom også litt innom siste kommunestyremøte der økonomiplan for dei komande åra vart vedteke. Her er det avsett pengar til renovering av Sunnylven skule, eit arbeid det hastar med å kome i gong med, sa Seljeset. Han håpa administrasjonen kunne velje ein person som planla og hadde ansvar for å få i gong arbeidet med fornying av skulebygget snarast.

Triveleg frå scena

Juleavslutninga baud på mykje triveleg program frå elevane. Småskulen song og viste litt frå juleevangeliet i ei dramatisert utgåve, elevane frå mellomsteget kom med reprise på programmet dei viste til foreldre og besteforeldre under generasjonstreff tidlegare i haust. Og 10. klasse som denne gongen hadde si siste juleavslutning frå scena ved Sunnylven skule hadde teke utgangspunkt og laga sin eigen vri på TV-programmet Parterapi.

Før FAU ved skulen serverte mat og drikke til alle var det gong kring juletreet. Marte Kalvatn på piano og ei gruppe elevar leia songen.

Etter nyttår startar Sunnylven skule opp igjen torsdag 3. januar.

Her er fleire bilete frå juleavslutning ved Sunnylven skule.

Sunnylven skulekorps med sin faste dirigent og fleire «eldre» musikantar i korpsrekkene var også til stades og stod for musikalsk opning av juleavslutninga.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380