Synfarte Postvegen

Toppen av Ljøbrekka med utsyn mot Herdalen og Strandadalen er eit populært turmål for mange, også poengsankarar der både Stranda og Sunnylven har trimpostar.

Det måtte synfaring til på siste restaureringsprosjekt av postvegen over Ljøfjellet. No ventar styret i Ljøbrekkas Vener spent på svar.

Nyleg kom det signal frå sentralt hald, spesielt frå museale del av Vegvesnet at utbetringa av turvegen over Ljøfjellet ikkje var «antikvarisk» nok, arbeidet var for bra ut frå slik vegen var opprinneleg. På sjette og siste prosjektdel, frå vel halvvegs i bratta på Herdalsida og til toppen skulle minigravaren bytast ut med manuelle reiskap og handemakt, og på det brattaste byggjast trappetrinn.

Måndag 3. desember var det synfaring av heile turvegen frå Herdalen til Ljøen av folk frå Statens Vegvesen, fylket, ordførar og teknisk etat i Stranda og heile styret i Ljøbrekkas Vener.

Irritert

– Det vart inga avklaring, men vi får eit svar seinare. Men vi vart nærmast beskulda for å ha øydelagt eit kulturminne med det arbeidet vi har gjort. Det forstår vi ikkje, for vi har alle praktikarar med oss og det er klart at vi har folket med oss i det vi har gjort. No veit vi ikkje kva som skjer før vi får svar etter synfaringa, seier styreleiar i Ljøbekkas Vener Petter Hjørungdal.

-Når svaret kjem veit vi ikkje. Det er folk som ikkje akkurat arbeider livet av seg på dugnad. Eg er skuffa og forbanna. Rundt om er her folk som rir landet vårt, folk som tek heilt av i miljøsaker, seier Hjørungdal og ramsar opp saker som at pelsdyrnæringa skal vekk, steinmurar som ikkje skal røyvast og mange andre ting.

Trekkjer seg ut

-Å snakke om at vi har øydelagt eit kulturminne synest vi er urettferdig. Frå 2012 har vi jobba for å ta vare på Den Trondhjemske Postvei frå Ljøen til Herdal, og vi har gjort andre ting i tillegg. Så seint som i haust sette vi i stand og måla den gamle reiskapsbua på Herdalsida, fjerna skog langs vegen ved vatnet, og rydda stuffen for tunnelinnslaget der. På Ljøsida har det blitt rydda opp på Spønhaugen og vi har fjerna skog og kjerr langs det gamle oppmura veganlegget.

-Dei kan stoppe oss, men vel dei å halde på sitt får dei gjere resten av arbeidet sjølve.

Eit bilete frå 2015. Her blir turråsa utbetra på Ljøsida av frå venstre Martin Erber, Polen, Sonam Tashi og Dilli Magar, sherpaer frå Nepal. Dei gjorde seg nytte av ein minigravar, men arbeidet var vel «antikvarisk» nok.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380