Ungdommeleg lysmesse

Her er det store Betlehemslyset tent, i påsyn av sokneprest Karstensen, konfirmantar og Joyful.

Ungdomen hadde mange berande innslag under lysmessa i Sunnylven kyrkje søndag. Konfirmantar, Joyful og fleire gjorde det heile til ei høgtidsstund.

I prosesjon av unge ljosberarar og til vakre «Det lyser i stille grender» opna lysmessa i Sunnylven kyrkje søndag. Ei vakker stund i den gamle kyrkja der dei frammøtte skulle få fleire innslag av dei unge å glede seg over, saman med sokneprest Stein Karstensen som heldt preika.

Som så mange gonger før var ungdomskoret Joyful med fleire solistar på plass og gleda med vakker song. Fyrst «Santa Lucia» og «Jul i Svingen» til tonefølgje på gitar av Bertine Lade, og litt seinare to songar til.

På fyrste søndag i advent vart sjølvsagt det fyrste adventslyset tent av konfirmantar som også stod for meir lystenning og bøne –og tekstlesing i samsong med kyrkjelyden. Og på denne søndagen tona fleire julesongar ut i kyrkjerommet til tonar på kyrkjeorgelet frå Matti Kjellstadli, ungdomsskuleelev med Sunnylven skule. Både han og Bertine Lade, som går fyrste året på musikklinja ved Fagerlia vidaregåande skule er produkt av Stranda kulturskule, to av mange heimbygda er stolte av.

Bertine Lade og Matti Kjellstadli imponerte og sytte for tonefylgje til songane under lysmessa.

Ungdomskoret Joyful med sine solistar gleda alltid med vakker song. Dirigent var Kristin Storstein.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380