Lokalnytt

Vakkert førjulsminne frå Lensmannsstova

Aktørar under den flotte adventskonserten i Lensmannsstova. Frå venstre Stephanie Roux, Evgenii Zhukov, Synnøve Hjellbakk Hole.

I allsong med Evgenii Zhukov på tverrfløyte og Stephanie Roux på piano tona «Tenn lys» ut i Lensmannstova laurdag kveld. Då var om lag tretti frammøtte halvvegs i ein minnerik adventskonsert.

Stephanie Roux frå Tromsø med slektsrøter til Frankrike og Evgenii Zhukov frå Russland jobbar begge i Stranda kulturskule. Stephanie underviser i piano og song,  Evgenii på fleire instrument i tillegg til å vere dirigent for to korps.

Laurdag kveld var dei begge i Lensmannsstova på Lillebø og heldt adventskonsert på tverrfløyte, piano og orgel. I den julepynta storstova som nyleg mottok Stranda sogelag sin vernepris 2018 fekk tretti frammøtte ein minnerik konsert.

Frå vertskapet ønska Synnøve Hjellbakk Hole alle velkomne, spesielt til dei to frå kulturskulen som er kollegaer med Synnøve. Tidlegare har konsertar i Lensmannsstova vore mest med feler så kveldens konsert var noko nytt instrumentalt, sa ho.

Og det var ikkje berre instrumentalt at konserten vart spesiell, også repertoaret og den musikalske opplevinga vart eit kjært førjulsminne for mange, vil vi tru.

Konserten opna med to franske klassiske stykke, før det kom eit solonummer på piano med Stephanie. Etter det heldt dei begge fram i samspel frå Europeiske, russiske og norske noteark.

I Lensmannsstova står eit orgel som ein gong kom den lage vegen frå Amerika. Det er no restaurert og under adventskonserten fekk dei frammøtte høyre gamal storheits toneprakt frå instrumentet med Stephanie på orgelkrakken og Evgenii på tverrfløyte i «Gabriels obo». Stemningsfullt, men enno meir imponerande var det å høyre Evgenii spele «Csárdás dans» saman med Stephanie på piano. Fingerleik og rytme var berre utruleg og viste til fulle at her var to profesjonelle musikarar. Ei musikalsk perle og utan tvil eit av kveldens høgdepunkt, kanskje det største.

Adventskonserten baud også på allsong i «Julekveldsvisa», «En stjerne skinner i natt» og «Deilig er jorden».

Også husvertinna Synnøve Hjellbakk Hole kan sitt instrument. På slutten leita ho fram hardingfela og spela med i noko av det siste på repertoaret, «Folketone frå Nordmøre» og «Himlen i min favn».

Arrangementet i Lensmannsstova laurdag kveld var eit vakkert adventsminne levert av personar som kan sitt fag. Det vart ein ny konsert i rekka av mange, flotte konsertar i Lensmannsstova på Lillebø.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380