Avslutta NC med 54. plass i klassisk

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL kom på 54. plass under Norges Cup langrenn for junior søndag på Konnerud.

Sunnylven IL sin beste kvinnelege langrennsløpar, Kristine Hjellbakk Hole kom lenger nede på resultatlista søndag enn den flotte plasseringa frå to dagar før. På 7.5 km. fellesstart klassisk vart det 54. plass, 2.32.9 bak Emma Kirkeberg Mork, Drammens ballklubb. På sprint laurdag kom Kristine på 54. plass.

Maria Hertz Melling frå arrangørklubben Konnerud IL vann både fristil og sprint i K 17 under NC, men på klassisk søndag vart det tredje plass, 27.3 sek bak vinnaren.

I K 18 kom Live Johanne Vestre Røkke, Stordal IL på 33. plass, og i K 19/20 vart Vilde Lorgen Øvrebust frå same klubb nr. 84. over 15 km. fellesstart klassisk.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380