Bedriftscupen er avlyst.
Sunnylven skyttarlag sin bedriftscupen i miniatyrskyting er avlyst. Berre tre lag var påmeldt då fristen gjekk ut.
Det blir ingen bedriftscup i år. Cupen som har hatt ti – tolv tre-mannslag kvart år den har vore arrangert fekk berre tre påmelde til fristen 25. januar.
–Vi vel å avlyse Bedriftscupen i år på grunn av lav påmelding. Kun tre lag melde seg på innan fristen på fredag, og sjølv etter å ha teke kontakt igjen og spurt så har det fortsatt ikkje kome inn fleire lag, skriv leiar i Sunnylven skyttarlag Ola Vangen i ei melding til hellesylt.info, dagen før fyrste skyting skulle arrangerast i klubbhuset ved Hellesylt stadion.