Deltek i Norges Cup for junior

Kristine Hjellbakk Hole kom i mål til 19. plass under fyrste renn i NC for junior. (Foto frå arkivet)

På Konnerud ved Drammen er det NC langrenn for junior denne helga. Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL opna med 19. plass i K 17 fredag.

Kristine Hjellbakk Hole går skule på Lillehammer, men representerer Sunnylven IL under Norges Cup i langrenn for junior på Konnerud.

Fredag var det renn i fristil. K 17 gjekk 5.0 km. der Kristine kom i mål til ein flott 19. plass på 14.05.6, vel minuttet etter vinnaren Maria Hertz Melling frå arrangørklubben Konnerud IL. Det var tett mellom dei fyrste løparane på resultatlista. Frå 10. til 19. plass var tidsavstanden 16.0 sekund. 114 løparar fullførte i K 17.

I K 18 over same distanse vart Live Johanne Vestre Røkke, Stordal IL nr. 55 med tida 14.36.1.

Vilde Lorgen Øvrebust, Stordal IL deltok i K 19/20 og vart nr. 92 på 14.50.3.

Laurdag er det sprint under NC, og løpa held fram også på søndag.

Frå 5 km. fri teknikk laurdag (Foto: Privat)

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380