Deltok på Ålandsleite

Desse deltok i krinsrenn søndag. Framme frå venstre: Trym Helset, Sander Sjåstad Hole, Marta Friestad, Ingeborg Fivelstad Stadheim. Bak f.v.: Elias Helset, Sofie Kjellstad, Johannes Friestad, Tonje Støverstein. (Foto: Gunnar S. Fivelstad)

Laurdag 19. og søndag 20. januar var det krinsrenn i skiskyting alle klasser med Hardbagg IL som arrangør. Sunnylven IL hadde deltakarar med begge dagar.

På Ålandsleite skiskyttarstadion konkurrerte skiskyttarar frå 10 år og ynge til senior både laurdag og søndag. Fyrste konkurransedag hadde snøbyger, medan søndag kom med sol og 8-10 minusgrader.

Sunnylven IL deltok med seks løparar laurdag og to fleire søndag. Mest deltaking kom frå klubbane Markane, Stårheim og frå arrangøren. Totalt deltok vel 90 løparar.

Resultat for Sunnylven IL sine skiskyttarar. (Ikkje treff)

Laurdag:
10 år og yngre, Nybyrjarar. (Ikkje treff eller rangert liste). Marta Friestad, Sander Sjåstad Hole.

Gutar 11 år: 3. Trym Helset, (3-2)

Jenter 12 år: 4. Sofie Kjellstad (0-3). 6. Tonje Støverstein (0-1)

Gutar 12 år: 6. Johannes Friestad (1-3)

Søndag:

10 år og yngre, Nybyrjarar (Ikkje treff eller rangert liste). Marta Friestad, Ingeborg Fivelstad Stadheim, Sander Sjåstad Hole.

Gutar 11 år: 3. Trym Helset (1-1)

Jenter 12 år: 3. Sofie Kjellstad (1-0). 6. Tonje Støverstein (2-2)

Gutar 12 år: 6. Johanes Friestad (2-2)

Gutar 14 år: 4. Elias Helset (3-3)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380