Notiser

Ein kaffiprat for tjue år sidan

Det var dramatisk då Cecilie og køyrekaren møtte ulveflokken. Men det gjekk bra til slutt, fortalde Oskar.

For 20 år sidan var vi på innsteg hos Oskar og Ingeborg i Husøyna. Her er litt frå kaffipraten vår.

Oskar Korsbrekke var bonde i Husøyna på Korsbrekke heile sitt liv. Før jul for om lag 20 år sidan fekk vi kome på innsteg hos han og kona Ingeborg. Det vart eit interessant besøk.

Oskar var pensjonist og hadde slutta med husdyr. No levde han gode dagar saman med kona som då vi kom var i gong med julebaksten. Og vi vart sjølvsagt trektert med kaffi og velsmakande bakevarer.

-Ho er svær til å bake, og så mykje som ho lagar til då, seier Oskar. –Til julemessa på kyrkjelydshuset baka ho både harding og flatbrød og det vart dei stablane. Oskar illustrerer mengda med å halde handa opp frå golvet og etter lausleg anslag var det godt ein meter. Vi slo frampå at no tok han vel litt godt i … Jau, kanskje litt, men ikkje mange leivane for mykje.

Tida går fort med prat og gamle historier ved kaffibordet, mellom anna fortel den gamle hestekaren om skyssing av turistar frå Øie til Hellesylt med hest og kjerre. På det meste kunne det vere så mykje som hundre hestar og køyredoningar samla same dag, sa han.

Vi sveipa også innom laksefiske i Korsbrekkeelva, men han sjølv hadde ikkje vore av dei ivrigaste laksefiskarane sjølv om elva med storlaksar var like ved tunet. Det vart meir om store laksar til avlen i klekkeriet.

Snart kjem Oskar inn på tippoldemor si Cecilie A. Hauge. Ho var utdanna jordmor, dugande både i råd og dåd, vart det sagt. Om henne kunne han fortelje mykje, han blada viljug i «minneboka». Cecilie eller Sesel som ho vart kalla var frå Hellebostad. I unge år var ho i teneste hos prosten på Ørskog, og ved eit høve hadde han spurd henne kva ho ville utdanne seg til. Ho hadde svara at ho ville bli jordmor, og det tykte prosten var eit godt val så han lova å skaffe henne utdanningsplass på skule i Oslo.

Men å reise til Oslo kring 1820 var ikkje like enkelt som no. Ho fekk hesteskyss frå Hellebostad til Hellesylt, og der i frå gjekk ho til fots til Oslo, ein tur ho brukte 12 dagar på.

17. juli 1828 var siste dag på skulen, skreiv ho i dagboka si. Ho kom heim til Sunnylven ferdig utdanna der ho tok til som jordmor. I sitt virke opplevde ho mange hendingar også der hennar eige liv stod på spel.

-Ein vinterdag ho skulle opp i Sunnylvsbygda og vart køyrd med hest og slede, dukka ein flokk ulvar fram frå ei rust opp i Berga og gjekk til angrep. Hesten vart sjølvsagt skremd og tok laust slik at køyrekaren miste kontrollen over han. Til alt uhell råka sleden ein stein og dermed rauk begge skjekene av. Hesten forsvant i storsprang medan Cecilie og køyrekaren stod att. Dei treiv kvar sin staur dei fann for å verje seg mot ulvane og sprang unna så fort dei kunne. Heldigvis gjekk det bra, dei kom seg i hus dit dei skulle og der stod hesten inne i fjøsgangen med to avbrotne skjeker, fortalde Oskar og heldt fram.

-Men det var ikkje berre udyr som kunne vere ei plage den tida, også overtru, trua på nissar og hulder var stor. Og dei måte ein stelle vel med elles kunne det gå folk og dyr ille. Cecilie hadde fortalt om stader ho kom der ho måtte gå omvegen langt forbi fjøset for der vart det stelt til gjestebod til huldra. Ho måtte ikkje uroast så Cecilie måtte gå ein lang omveg til stova. Ho tykte dette var ille og då ho alltid hadde bibelen med når ho reiste rundt i teneste las ho frå den til husfolket og bad dei slutte med å tru på nissar og hulder.

 

Den hyggelege kaffipraten hos Oskar og Ingeborg var over. Det vi har fortalt var berre ei av historiene han sat inne med og som vi diverre fekk oss fortalt så alt for få av. Oskar Korsbrekke var 102 år då han døde i november 2015.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380