Notiser

Fekk sine biblar

Desse 4. klassingane fekk sine biblar søndag. Frå høgre Sina, Oskar, Marta, Ingeborg, Siv-Anita, Sander, Ari, Kristen, Isabella. Heilt til venstre sokneprest Stein Karstensen.

Under gudstenesta i Sunnylven kyrkje søndag fekk elevar i 4. klasse ved Sunnylven skule utdelt sine biblar frå kyrkja.

På åpenbaringssøndag 27. januar fekk 10-åringar ved Sunnylven skule overrekt sine biblar av sokneprest Stein Karstensen. I tillegg fekk dei med heim eit arbeidshefte der dei hadde lært om innhald i bibelen og korleis ein kunne finne fram. Som takk for gåva framførte elevane ein song. 4 klasse ved Sunnylven skule har 11 elevar i år, ei av dei største 4. klassene på mange år.

Det kom mange til kyrkja søndag der det var to barnedåpar.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380