For lite kraft, men mot samanslåing

Vasstilgangen i Steimsfalla var for liten og baud på vanskar, spesielt om vinteren. Avbøtande tiltak enda heller ikkje så bra, kan vi lese om i neste artikkel.

På 40 og 50-talet fekk Hellesylt Kraftlag etter kvart for lite elektrisk straum å tilby. Det var usemje mellom partshavarane om laget skulle slutte seg til eit nyskipa kommunalt Sunnylven kraftlag eller ikkje.

Fleire partshavarar i Hellesylt Kraftlag frykta prisen på kraft ville bli høgare om ein gjekk saman i Sunnylven kraftlag og ny kraft til bygda frå L.L.Firdakraft. Andre var for samarbeid og til lagsmøtet på Fossedur 14. juli 1951 la styret i Hellesylt Kraftlag, som var Stefan Aasen formann, Ingebrigt Ringdal varaformann, Peder Frøysa, A. P. Ringdal, Arnljot Syltevig fram denne tilrådinga;.

 

-I samsvar med den orientering som vart gjeve i lagsmøtet den 18. juni d.å. viser det seg at kraftspørsmålet er kome inn i den stode at det ikkje er von om meir kraft ved utviding av verket i Stadheimsfallet, med di ein ikkje kan rekne med konsesjon eller statsstøtte, og heller ikkje med kommunal hjelp til dette formålet.

Derimot er det i samsvar med avtale gjeve Sunnylven lovnad på kraft, inntil 300 kw. til 70.- kroner pr. kw. frå L.L. Firdakraft, og von om statsstøtte til leidningsnett gjennom bygda.

Orsaka til den stode det offentlege har teke i denne saka har nok ein grunn i gjennomføring av større planar for kraftforsyninga, og som Sunnylven og skal vere eit ledd i. Etter det offentlege si meining vil denne løysinga vere den beste og billegaste også for Sunnylven, serleg når planane vert heilt gjennomførde.

Som ein veit har det om denne side av saka vore sterkt skilde meiningar mellom Hellesylt Kraftverk og Sunnylven kraftlag. Men den meiningsskilnad finn ein det mest formålstenleg å ligge. Ein løyser nemleg ikkje saka med ein framhaldande strid om fortida. Ein får la kjensgjerningane tale og loyalt bøye seg for dei, og så arbeide for ei løysing som er mogleg å gjennomføre. Det trengs.

Styret er fullt klar over at etter den lange og til dels beiske strid som har vore førd, skal det mykje sjølvovervinning til for å bøygje tanke og vilje inn på nye vegar, men ein meiner det må til, og i lengda vil det tvillaust løne seg. På den måten vil ein også i dette høve oppnå det som både i denne og andre saker veg tyngst; nemleg fred og samarbeid i bygda, og det vil visseleg vere den snøggaste veg fram til det alle ynskjer og har arbeidd for; meir kraft. Men skal ein oppnå det, så må kvar og ein leggje godviljen til og ikkje blåhalde på ugjennomførlege standpunkt og tvilsame prestisje-omsyn. Desse ting vil ein åtvare imot; dei har gjort nok ugagn hittil, også i denne saka, om dei ikkje også skal få høve til å spele så sterkt inn, at det kan gje oss ei mindreverdig løysing av kraftspørsmålet.

 

Styret er vel merksame på det store og gode og offerviljuge arbeidet som medlemene i Hellesylt Kraftlag har gjort tidlegare med å løyse kraftverksspørsmålet, og derved også gjeve høve til reising av ein del industrielle tiltak, og ein kjenner også til det arbeid som til no ikkje har ført fram for di omstenda og maktene og den nye tidsånd med større planar om store samanslutningar bar imot. Hadde arbeidet for kraftspørsmålet vore oppteke med større styrke forei 4 – 5 år sidan så kunne det vel vere at at ein hadde vunne det ein ville; men no er det i alle høve for seint.

Eg ein stort sett samd i denne tankegangen så har Hellesylt Kraftverk berre to alternativ å velje mellom:

!. Anten å halde fram med det gamle verket med dei vølingar og utbetringar som til kvar tid vert turvande, eller:

  1. Å gå til samarbeid med dei andre i bygda som strevar mot same mål, eller med Sunnylven kommune.

No kan kanskje somme av eigarane i Hellesylt Kraftverk hevde at når deira linje ikkje førde fram, så får dei andre berre køyre på. Det er fleire som har sagt det. Men det er urett. Dette at krafta kjem frå ei anna kjelde enn den ein meinte var den beste, gjev ikkje lagsmedlemene i Hellesylt kraftverk nokon grunn eller rett til å setje seg ned og ikkje vilje meir. Tvert om. Heretter som før bør dei vere dei fyrste og bestearbeidarar for meir kraft, og serleg må dei ha tanke på at i bygda sitt sentrum må skapast eksistensgrunnlag for den ungdom som veks fram og ynskjer å skape seg ei leveleg framtid i heimbygda, så dei ikkje vert nøydde til å røme ut på grunn av mangel på arbeidsvilkår.

Når ein då skal gjere seg opp ei meining om kva for eitt av desse alternativa ein bør velje, må ein sjølvsagt vege føremoner og veiler ved kvar av dei. Alternativ 1 gjev i fyrste omgang ein føremon; billegare kraft. Men når det lid så langt at ein må til med nykostnader som veg noko, så vil kraftprisen stige monaleg, og då er det uvisst om ifrå kva kjelde han vert billegast. Det må ein serleg merke seg.

Andre føremoner kan ein i augneblinken ikkje sjå at alternativ 1 byr på. – Men veiledene er både større og fleire. Såleis vinn ein ikkje meir kraft som målet har vore; heller skaper ein ikkje den samarbeidsånd det er ynskjeleg å nå fram til, og ein kan truleg gjere det vanskeleg for dei andre i bygda å oppnå det kulturgode som elektrisiteten er for folk. Alt. 1 er i det heile ein veg som ikkje eig framtidsvon med seg, og som ein på det sterkaste må frårå.

Som tilhøve no har vore, fører dette uvilkårleg med seg at ein må gå samarbeidsvegen etter alt. 2. Det skaper meir kraft, det skaper fred og vilje til samarbeid. Dette er såleis framtidsvegen. La vere at dette ikkje kan kome med ein gong. Men etter kvart som dei store planane vert gjennomførde, får ein nok den kraft som trengst, og det på ikkje urimelegare vilkår enn dei andre. Dette alternativet fører også med seg den vinning som ligg i samkøyring mellom to verk, såleis at fyrst og fremst industrien ikkje er avhengig av kraft frå ein aksling. Kraftforsyninga vert då sikrare og tryggare enn elles. Løysinga eter alt. 2 treng såleis ikkje om å vere ein dårleg eller ubrukeleg veg, jamvel om dei fleste her har meint og kanskje enno meiner at det ikkje er den beste.

Ein treng heller ikkje om å gløyme at begge kraftkjeldene i bygda vert liggjande her og kan nyttast ut seinare, om det viser seg turvande at alle kjeldene må takast i bruk.

For å gjere overgangen til samarbeid lettare og smakfullare enn han elles ville bli, meiner ein at lagsfolket i Hellesylt kraftverk på visse nærare fastsette vilkår og føresetnader bør seie seg viljuge til å stille verket sitt til rådvelde for Sunnylven kommune. Som ein veit har kommunen med ein lengre varselfrist rett til å overta verket når konsesjonstida er omme. Om dette blir gjort noko tidlegar enn fastsett, skulle ikkje det spele noko nemnande rolle, dersom innløysings- og overtakingsvilkåra vert fullnøgjande. Det bør heller ikkje vere noko stridsspørsmål kven som skal gjere opptaket til eit samarbeid som er turvande – anten verket skal gå til kommunen eller kommunen til verket. Styret er av den meining at den part som tek initiativet til ei løysing av dei vanskar som til no har sett stenge for kraftspørsmålet i bygda, gjer den beste og verdfullaste gjerning.

Enn om Hellesylt kraftverk no som førre gong gjer opptaket til å kome ut av stillingskrigen i dag og inn på samarbeidsvegen, og dermed opne utveg for eit resultat som fører til meir kraft til gagn både for grenda og bygda i det heile!

Når styret vil tilrå at lagsmøtet gjer eit slikt vedtak, så er det sjølvsagt ikkje berre for å jamne ut overgangen til samarbeid, men like mykje eller helst meir for di ein av mange grunnar meiner at det beste og rettaste vil vere at kommunen her, som i dei fleste andre kommuner, tek hand om kraftforsyninga som den største og viktigaste sak i bygda i dag.

Ved ein slik skipnad vil også medlemmane i Hellesylt kraftverk få del i den vinning som ein vonar det kan føre med seg at kommunen set inn mellom 80.000.- og 90.000.- kroner i L.L. Firdakraft, og som alle skatteytarar – så vidt ein har høyrt – i form av skatt må bere ein part av.

Styret ventar ikkje og vil heller ikkje krevje noko meir av lagsmøtet i dag enn at det i prinsippet seier seg viljug til å overdrage verket til kommunen til den pris og på vilkår som ein må freiste å tinge seg fram til forlik om, eller få avgjort ved skjønn.

I samsvar hermed vil styret, såframt møtet seier seg samd i denne utgreiing og framgangsmåte, kome med framlegg om å velje 3 – 5 mann til å tinge med kommunen om pris og vilkår for overtaking, som så seinare vert å legge fram for eit lagsmøte til handsaming og mogeleg godkjenning.

Ein gjer den merknad at i resultatet av desse tingingane bør det også ligge føre reglar og vilkår for drifta i ei mogeleg overgangstid.

I samsvar med framanforståande utgreiing tilrår styret samrøystes at lagsmøtet gjer slikt vedtak;

Vedtak:

Lagsmøtet seier seg samd i at Hellesylt Kraftverk med alt som tilhøyrer og som verket rår over vert overdrege til Sunnylven kommune til den pris og på dei vilkår som ein tingar seg fram til semje om, eller som vert fastsett ved skjøn av tre uvillige menn, oppnemde av sorenskrivaren i Nordre Sunnmøre etter at kvar part har hatt høve til å foreslå ein mann kvar. Skjønnet vel sjølv formann og fordeler omkostningane mellom partane. Resultatet vert å legge fram for lagsmøtet til avgjerd.-

Gjekk mot styret si tilråding

Lagsmøtet vart halde på ungdomshuset Fossedur på Hellesylt 14. juli 1951, kl. 19.00, presis som det stod i innkallinga. Rundt 40 lagsmedlemer møtte, anten personleg eller med lovleg fullmakt, og representerte til saman 48 ½ røyst. Tilrådinga frå styret var no som vedteke mangfaldiggjort skriftleg og innhaldet godt kjent av alle medlemene. Etter ein «lengre samtale» gjekk lagsmøtet til avrøysting. Styret si tilråding fekk 22 ½ røyst, 26 røysta mot. Dermed heldt Hellesylt kraftlag fram som før ei tid til.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380