Frå Holedalen til kunstsenteret
Dei er laga av gamle granbord dei to svingdørene som er inngang til Verdsarvutstillinga og treskurd-relieff i Peer Gynt Galleriet på Hellesylt. Reisa før dei kom dit kan du lese her.
For 54 år sidan vart granbord kjøpt frå trelastlageret ved Hellebostad Trevarefabrikk på Hellesylt. Dei skulle bli ytterkledning på eit nybygt sel i Holedalen.
Å få materialar dit i 1963 var ikkje berre enkelt. Den enkeltfasa bordkledninga vart frakta med traktor, ein Massey Ferguson 35 med fire-sylindra dieselmotor. Tilhengaren var ein ombygd hjulslede med forlenga drag til traktoren, og så langt at det kunne fraktast både veggkledning, tro og andre materialar. Før traktoren si tid vart hjulsleden nytta til transport av varer som vart dyrka på garden, men også av husdyrgjødsel.
Dårleg veg
Vegen til Holedalen var ikkje god den tida, det gjekk stort sett i fyrste gear i seks kilometer til sætra. Midtvegs var det ein bakke, bratt og med laus grus. Der måtte som oftast halve lasset lessast av for så å hente det igjen når andre halva var kome opp høgda.
Feil side
Den køyrande vegen til Holedalen låg i 1960-åra på Bjørdalsida. Vel framme var vi på feil side av Holedalselva, det nye selet skulle reisast på Holedalstølen. Borkledninga og dei andre materialane måtte over Holedalselva, men også det gjekk bra. Massey`en «vassa» elva uansett vassføring, men det hende at sjåføren måtte stå på traktorskrotten for ikkje bli våt på beina. Vatnet fossa over ved gearstonga og spruten stod ut frå vifta, men dieselmotoren stoppa aldri.
Over 50 år i ver og vind
Grankledninga vart spikra på som ytterkleding på det nye selet på Holedalsstølen. Slik stod den og verna for ver og vind i 54 år, behandla nokre gonger med både raud og brun Trebitt-beis.
Men i 2017 vart det avløysing for den enkeltfasa borkledninga. Veret i Holedalen hadde sett sine merker og det var tid for å kle opp med ny. Med brekkjarn og til lydar frå rusta spikar som hang godt i treverket vart den rive av.
Nytta på ny stad
Ei ny tid var koma og ny kledning avløyste den gamle. Også vegen til Holedalen var ny, ein god bilveg gjorde det no lett å få fram dei materialar ein ville ha. Framleis vart transporten utført med Massey Ferguson, ein 362 firehjulstrekkar med hengar. Fram med den nye og heim med den gamle.
Dei beste granborda av den gamle kledninga vart til dører inn til Verdsarvutstillinga. Historia til granborda som vart til «låvedørene» og inngangsport til utstillinga på Hellesylt har du lese her. Legg eit besøk til Peer Gynt Galleriet og sjå dei «gamle dørene» og verdsarv og kunst i verdensklasse.
.