Fyrste Kløvertur onsdag 16. januar

Utsyn til Hellesylt og Reset på kveldstid frå Shellkaia

Sunnylven sanitetslag arrangerer Kløverturar, korte trimturar for alle aldersgrupper. Den fyrste i år er komande onsdag 16. januar.

Kle deg etter vêret og bli med på den første Kløverturen med felles kvelds etterpå, står å lese frå arrangøren Sunnylven sanitetslag

Trimturen startar frå Sunnylven kyrkjelydshus onsdag 16. januar kl. 18.00. Trimturen går i nærområdet, til Shellkaia og tilbake, men det er lov å snu før. Alle går så langt som dei har lyst til. Etter turen blir det servert kvelds på kyrkjelydshuset til alle. Det er folk frå klokka 18.00, så dei som bur på Omsorgssenteret kan ta turen derifrå til kveds på kyrkjelydshuset. Kom innom når du er klar, skriv sanitetslaget.

-Du må gjerne kome frå andre stader også og bli med på tur og kveldmat. Bli med barn, unge og eldre, alle er velkomne, skriv Sunnylven sanitetslag.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380