Lokalnytt

Gaupe i Sunnylven

I Sunnylven vart ei gaupe avbilda av viltkameraet til Amund Lien natt til 2. nyttårsdag.

Ei gaupe har tilhald eller har vore på besøk i Sunnylven. Natt til 2. nyttårsdag viste dyret seg framfor eit viltkamera.

Amund Lien på Hellesylt kjøpte seg viltkamera for to år sidan. Fyrst før jul i fjor plasserte han det ut og etter det har han hatt mykje spanande på besøk framfor linsa. Kameraet er kopla opp mot både mobiltelefon og datamaskina heime der han kan følgje med.

Det har blitt mange hjortebesøk ved viltkameraet, men natt til 2. nyttårsdag kom eit sjeldan dyr på besøk, fortel Lien. Det likna på gaupe, men for å vere sikker sende han biletet til viltekspert Asgeir Heggen i Valldal. Det kom raskt svar tilbake og Heggen stadfesta at det var ei gaupe.

Frå Asgeir Heggen blir alle som ser spesielle og ukjente spor oppmoda om å ta bilete av spora med mobiltelefon og sende inn. Bruk gjerne noko med kjent storleik som referanse saman med sporavtrykket. Om gaupa som Amund Lien fekk bilete av i viltkameraet sitt er fast i området eller eit streifdyr, veit han sjølvsagt ikkje.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380