Grasrotmiddlar 2018 fordelt

Sunnylven Idrottslag vart største mottakar av Grasrotmiddlar i 2018 med 40.665.- kroner. (Arkivfoto)

2018 vart eit jubelår for Grasrotandelen. I alt 649 mill. kroner er fordelt, ein auke på 42.6 prosent frå året før, skriv Norsk Tipping.

Grasrotandelen frå Norsk Tipping enda på formidable 649 million kroner i 2018. Pengane går tilbake til grasrota i Norge, til friviljug arbeid innan lag, foreiningar og organisasjonar. Den største jobben er å få dei som leverer spel til å finne sin grasrotmottakar, skriv Norsk Tipping.

I Stranda kommune fekk 43 tildelt grasrotmiddlar i fjor. Totalt kom det til kommunen 594.230.- kroner.

Dei største mottakarane var;
Stranda Idrettslag 196.016.-

Stranda Røde Kors 59.218.-

Sunnylven Idrottslag 40.665.-

I tillegg til idrettslaget fekk desse med tilknyting til Sunnylven tildelingar;

Sunnylven skyttarlag 19.536.-

Storfjordens Venner 17.183.-

Sunnylven skulekorps 11.376.-

Hellesylt Ungdomslag 9.206.-

Ljøbrekkas Vener 4.199.-

Fjellrosa 4H 326.-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380