Hoppbakkar i Sunnylven

Skibakken ved Helsetvatnet, eit kjent landemerke, men lite brukt som hoppbakke dei siste 50 -60 åra.

Det er lenge sidan det har blitt arrangert hoppkonkurranse i skibakken, eller kanskje mest kalla hoppbakken på Helset. Dette var ein av fleire hoppbakkar i Sunnylven.

Ola Fivelstad, også med «ein følsam penn om mangt» huska tilbake til «gamle dagar» og kjende til mange av dei brukte hoppbakkane i Sunnylven. Før han døde i 2005 skreiv han ned denne vesle erindringa om hoppbakkane i Sunnylven.

Av Ola Fivelstad.

-Den tida eg vaks opp vart det tillaga både ein og to hoppbakkar i alle reiner og knausar, og der var små og store gutar i aktivitet heile vinteren igjennom. Men dei bakkane som vart nytta i konkurransar var sjølvsagt dei aller største.

I Langedalen var det i fyrste tida ein bakke ovanfor Kjellstad som vart brukt, seinare var det «Stien» eller også kalla Slettebakken. Den låg mellom Slettene og Hallkjell-garden på Tronstad, og der kunne ein hoppe vel 30 meter.

I Nibbedalen var det Svarthammarsbakken som vart brukt. Her hoppa Lars J. Kjellstad 40 meter i 1912. Han hoppa heilt på flata, og måtte sjølvsagt over ende. Dette hoppet kosta ein kar 5,- kroner etter eit veddemål. Truleg var det av dei lengste hoppa i landet på den tida. Lars reiste til USA i ung alder.

På Tryggestadbakken låg tre hoppbakkar på rad. Litlebakken på om lag 15 meter, mellombakken opp mot 30 meter, og storebakken med bakkerekord 42.5 meter. Det var desse som var «hovudarenaen». Storebakken var heilt eineståande når det galt oppdrift, og du fekk aldrig ujamne og vanskelege vindforhold, for den var skjerma på begge sider av store furutre.

I Sunnylvsbygda var største bakken bortanfor Helset. Den tolde hopp på kring 30 meter. I Reinene på Frøysa var ein bakke på kring 20 meter. Elles var bygdarane flittig på Flo-fjellet der det var ein 35-metersbakke.

På Flo-fjellet var det skipa til renn ulovleg under krigen saman med løparar frå Oppstryn. Liknande renn var det også i Torskedalen med hopp anten i Skaret eller Grønereinene, arrangert som lagsrenn.

No ligg hoppsporten heilt nede i Sunnylven, og ei slik tid som var i 1920 –og 30-åra kjem nok aldrig att-.

Hoppbakken på Helset ligg like ved Helsetvatnet. For å kunne bruke den måtte det i tillegg til snø vere trygg is på vatnet. Bakkerekorden er sagt å vere på 37.- meter, sett av Elling Frøysa.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380