Klart for bedriftscup miniatyrskyting

Tronstad jaktlag, i midten vann bedriftscupen i fjor. Bjørdal jaktlag, til venstre vart nr. to og Helset storfe, til høgre kom på tredje plass.

Sunnylven skyttarlag, 6218 Hellesylt inviterer til bedriftscup i miniatyrskyting 2019. Alle skytingar inkludert finale 13. mars blir avvikla på miniatyrskytebana ved Hellesylt stadion.

 Av Sunnylven skyttarlag

Sunnylven skyttarlag inviterer lag, organisasjonar og bedrifter til den 21. Utgåva av bedriftscupen i miniatyrskyting vinteren 2019. Skyting er ein idrett som passer for alle , og Sunnylven skyttarlag har aktive skyttarar i alle aldersgrupper. Her kan alle, både kvinner og menn, på alle alderstrinn delta!

Skytinga vert organisert slik:

Skytinga vil finne stad på miniatyrbana til Sunnylven skyttarlag på Hellesylt på onsdagar i vinter.

  1. Runde 30.01
  2. Runde 13.02
  3. Runde 27.02
  4. Finale 13.03

Kvar bedrift/lag kan delta med eit eller fleire 3- manns lag. Det vert skote 3 rundar der dei 2 beste kveldane for laget vert teljande. Det vert skote 25 skot pr. kveld. Det heile vert avslutta med finale den 13. mars

 SKYTEPROGRAM

kl Jr, NV,1, kl 2, v55, v65,v73 : 5×5 skudd ligg

kl 3, 4, 5 : 2×5 skudd kne 3×5 skudd ligg, skytetid er 3 minutt pr serie

Det kan ikkje nyttast spesialutstyr som  skytejakke/bukse av skinn/kanvas, skytehanske eller skytesko. Ankelpølle, skytebrille, skytelue/skjerm og jakt/skihanske er tillatt.

Deltakarane skal ha tilknyting til bedriftene/organisasjonen dei representerer. Dei 2 beste poengsummane for laga vert teljande for kvalifisering til finalen.

Skyttarlaget låner ut Sauer til alle deltakarar. Skytetider og resultatlister vert lagt ut på skyttarlaget si heimeside www.skyttar.no

Påmelding til

Sunnylven Skyttarlag, 6218 Hellesylt

E-post : sunnylven@skytterlag.no

Tlf. 409 18 671

 Påmeldingsfrist: Fredag 25.01.2017

Deltakaravgift 800,- pr. lag. Deltakaravgifta inkluderer ammunisjon for alle rundane.

Vi håper i kan møtast nokre fine vinterkveldar på skytebana ved Hellesylt stadion

 

Helsing

Sunnylven Skyttarlag

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380