KM skiskyting søndag
Seks løparar frå Sunnylven IL deltok under andre dag av KM skiskyting på Ullsheim.
Elias Helset gjorde eit storløp laurdag og sikra seg KM-tittelen. Men søndag var han ikkje like treffsikker på standplass og skaut på seg seks strafferundar og vart nr. fire. Sigeren i G14 gjekk til nr. to frå laurdag, Marius Sætre Hove, Volda TIL.
I G11 kom Trym Helset på fjerde plass, det same gjorde Sofie Kjellstad i J12. Andre frå Sunnylven IL var i klasse nybyrjarar, Johannes Friestad, Marta Friestad og Sander Sjåstad Hole.
Resultatliste frå arrangøren Markane IL her; http://markane-il.idrettenonline.no/blog/post/136665/resultat-skiskyting-ullsheim-13.1.-sprint-og-km-fellesstart?ispage=true