Krinsmeister i skiskyting

Elias Helset, Sunnylven IL vart krinsmeister i skiskyting sprint på Ullsheim i Markane laurdag.
Elias Helset i G14 fekk full klaff og gjekk eit kjempeløp under KM i skiskyting på Ullsheim laurdag. Under flotte forhold susa han i mål som vinnar, 15.1 sek føre Marius Sætre Hove Volda TIL. Elias skaut på seg ein strafferunde på fyrste skyting og låg på andre plass 17 sek. bak leiaren og 3 sek. føre neste mann. Men der i frå og inn såg han seg ikkje tilbake, skaut feilfritt på neste skyting og gjekk godt i løypa. Dermed vart det toppen på premiepallen og KM-tittel i sprint i klasse G14.
Sjå alle resultat her: http://markane-il.idrettenonline.no/blog/post/136626/restultatliste-km-skiskyting-sprint-ullsheim-12.1.19?ispage=true
Sunnylven IL stilte med totalt åtte deltakarar, fem i nybyrjarklassa som alle fullførte og fekk premie. Gode løp gjorde også Trym Helset i G11, og Sofie Kjellstad i J12, også dei to fekk flotte premiar frå arrangøren Markane IL.
Søndag held KM skiskyting fram med nye renn på Ullsheim.
