Kurs for båtførarar
Alle båtførarar født etter 1. januar 1980 og som skal føre fritidsbåt over åtte meter må ha avlagt båtførarprøve. Kurs blir no arrangert mellom anna i Ålesund.
Alle unge båtførarar som ikkje har båtførarbevis kan fullføre naudsynt kurs i Ålesund til gunstige prisar, det melder Asle Ringdal. Med bestått eksamen for båtførarprøve kan ein føre fritidsbåt på minst åtte meter og med motor på meir enn 25 hestekrefter.
God kurspris
Prisen for sunnylvingar er avtala til kr. 1090.-, pluss eksamensgebyr kr. 723.- Det er nesten halv kurspris. Tilbodet er svært godt, skriv Ringdal som opplyser at kurset har påmeldingsfrist 1. februar 2019. Kurset kan ein ta på kveldstid mellom 17.00 og 22.30, eller ein laurdag mellom 10.00 og 17.00.
Frå Sunnylven er det påmeldt personar til kurs laurdag 16. februar i Ålesund, så her kan fleire køyre saman. Meld deg på til https://wavekompetanse.no/ og husk å skrive Ringdal på gåvekortkoden for å få det beste tilbodet.
For tryggheit på sjøen
Også eldre båtførarar som er født før 1980 bør også avlegge båtførarprøve. Det kan vere med på å bidra til tryggheit og sikker ferdsel for alle som ferdast på sjøen.
Alle som er 14 år kan avlegge båtførarprøve, men får det tilsendt i posten fyrst ved fylte 16 år. Dersom nokon er uheldig å stryk på eksamen må vedkomande vente i to veker før ny eksamenprøve. Eksamen består av 50 spørsmål fordelt på fire tema. For å bestå eksamen må ein ha minst 80 % rette svar.
Is it possible to take the test / exam in English?
Yes, that’s possible. After you have paid the registration and examination fee on båtførerregisteret.no, please contact us so we can order you an English test.