Lokalnytt

Mange på Kløvertur onsdag kveld

Kløvertur med Sunnylven sanitetslag som arrangør samla 24 unge og eldre onsdag kveld. Etterpå var det kveldsmat på kyrkjelydshuset.

I flott vinterver og etter nybrøyta veg vart det Shell-kaia og tre poeng på trimposten for mange som stilte på kveldstrimmen onsdag. Men turopplegget til sanitetslaget er ikkje ein konkurranse, så enkelte snudde ved Hellesylt stadion denne kvelden der til og med snøbygene heldt seg borte.

Kløvertur er eit lavterskeltilbod som Norske Kvinners sanitetsforeining står bak. Sunnylven sanitetslag har arrangert fleire slike turar i fjor og fleire er planlagt også i år.

-Vi ønskjer å knyte Kløverturane opp mot omsorgssenteret og legg vekt på at bebuarar der kan vere med. Vi satsar ikkje på å arrangerer toppturar, men legg trimmen i nærområde og lett terreng slik at både unge og eldre kan delta, seier leiar i Sunnylven sanitetslag, Kari Hauso Stadheim. Ho tykte 24 på tur onsdag kveld var flott. -Vi treng ikkje alltid vere så mange på tur for å ha det triveleg, legg ho til.

Etter trimturen serverte sanitetslaget kveldsmat til alle på Sunnylven kyrkjelydshus.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380