Lokalnytt

Mitt val, tema i grunnskuleveka

I nær to timar var Lene Krohn «lærar» for mange foreldre ved Sunnylven skule kring temaet Mitt val.

I veke 5 blir grunnskuleveka markert ved Sunnylven skule. Den starta med foreldremøte måndag kveld og med Lene Krohn frå Mitt val som foredragshaldar.

-Å markere grunnskuleveka har blitt tradisjon ved Sunnylven skule, sa rektor Roar Seljeset då han ønska mange foreldre og Lene Krohn vel møtt til foreldremøte måndag kveld.

-Mitt val

Det å skape gode relasjonar, bygge eit inkluderande og godt miljø og trene sosial ferdigheit er viktig om barn skal få ein god og trygg oppvekst. Og sjølv om dei ikkje alltid kan få lov å gjennomføre det dei har lyst på kunne det å anerkjenne dei unge sine val styrke sjølvtillit og sjølvfølelse, sa Lene Krohn.

Følelsen av mestring er ein verdi i seg sjølv. Men kva skal til for å oppleve mestring, spurde ho. Diskusjonen vart slept fri mellom foreldra kring borda og det vart ikkje berre eitt fasitsvar som kom. Mestring kan mellom anna vere eit eller anna vi gjer som vi ikkje har lært. Slike delmål i kvardagen er viktig for born, vart sagt. Det er betre å bygge barn enn å reparere vaksne, er eitt av fleire slagord.

God som liten

-Kva er styrken og utfordringa ved å bu på ein liten stad som Hellesylt og ha ein 1-10 skule?, ville Lene Krohn vite. Å bli kjent med og finne vener som ikkje alltid er på same alder, utvikle seg til å bli tolerante over for kvarandre, og få ei betre oppfølging i undervisning i ei lita klasse. Også finne ein besteven var lettare å finne på ein liten skule, var mellom svara foreldre gav. Gjennom Mitt val kan venskap kome inn, noko av det viktigaste vi kan gje og vise, men som ikkje alltid går fort å bygge opp.

Vere gode forbilde

Ut frå svara hadde små plassar som Hellesylt mange gode verdiar å by på, men også utfordringar. Mange hadde synspunkt på ansvaret for barn sin oppvekst, det vere seg barnehage, skule, fritidsaktivitetar og sjølvsagt foreldre. Å hjelpe barna i utfordrande og vanskelege ting slik at dei kom gjennom det, at dei fekk kjenne på mestringsfølelsen og hjelpe dei med å finne løysingar på problem. Foreldre må vere gode forbilde, ikkje snakke nedsetjande om skulen eller læraren med borna sine. Og heimen er den trygge plassen, der må borna få sleppe følelsane laus, der må dei bli sett kvar dag. Der skal det vere kjærleik, vart sagt.

Manifest mot mobbing

Venskap skaper venskap saman. Eit manifest mot mobbing er å snakke saman og bli samde. Trygge barn mobbar ikkje, sa Lene Krohn. Ho kom med ei oppmoding til foreldra om å snakke med borna sine om nettverda, dei mange digitale kanalane som finst. Ho åtvara mot eit stort tal appar på mobil, mellom anna ein Sarah ah. Der kunne ein sende meldingar utan at avsendar kjem fram. Ho oppfordra foreldra å sjå på borna sine mobiltelefonar og på kva dei blir brukt til. –Det du gjer på nett blir aldri borte, sa Lene Krohn.

Kva treng born og unge

*Tydelege grenser og klare konsekvensar, *Ein opne dialog og positive forbilde, *Prøve og feile – støtte og oppmuntre, *Å bli vist ansvar og tillit, *Å bli respektert for den dei er, *Humor og glede, *Sakleg informasjon om vanskelege tema som alkohol, narkotika, seksualitet etc.,* Fysisk og psykisk kontakt, *kjærleik.

Informerer

Lene Krohn var eit «fyrverkeri» av ein foredragshaldar. Ho leverte eit viktig tema, interessant og spanande oppbygd. Mitt val, ei stifting som er gått ut frå Lions, driv informasjon på mange felt, mellom anna hos barnehagelærarar og idrettsleiarar.

Rektor ved Sunnylven skule, Roar Seljeset takka for eit engasjerande og lærerikt foredrag og det gode frammøtet av foreldre. –Vi har vore innom mange tema og fått gode innspel frå mange, sa han.

-Gode val kan lærast, Mitt val, heiter det. Her foredragshaldar på foreldremøtet Lene Krohn og rektor ved Sunnylven skule Roar Seljeset.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380