Mykje hjort overlevde jakta

Som storvaldleiar vart det mindre tid til jakt på Tore Rusten sist haust. Men han har fått sine jakttrofe tidlegare, som her i 2008.

Resultat for hjortejakta i Stranda kommune sist haust enda på 465 felte dyr, eller 51 prosent av tildelte løyver.

Det var Nedre Sunnylvsbygda Hjortevald som jakta best ut frå tildelte løyver. Valdet var tildelt 50 løyver og felte 49 dyr. Dyreslag og kjønn fordelte seg med 5 kalvar hann, 10 kalvar ho, 9 bukkar 1.5 år, 8 hodyr 1.5 år, 5 eldre bukkar og 12 eldre koller. Det gav ein fellingsprosent på 98.

Tore Rusten er storvaldleiar i Nedre Sunnylvsbygda Hjortevald. Det tek si tid å administrere eit så stort vald så det har blitt mindre med jakting i år enn tidlegare. Men valdet har mange nok jegerar likevel og dei har gjort jobben som fellingsrapporten viser, seier han.

Dei største dyra som vart skotne under jakta i Nedre Sunnylvsbygda var på kring 100 kilo, fortel Tore Rusten. Snittvektene på dyra er nok litt mindre enn tidlegare år, meiner han. Difor har dei i år prøvd å ta ut produksjonsdyr og ungdyr for å få ned talet på dyr og få opp snittvekta igjen. Han veit at der er større dyr i området, men jakta har vore bevisst. Området har mykje dyr, kanskje alt for mykje, trur Tore Rusten.

Eitt vald hadde 100 prosent avskyting i år. Der var Blomberg Hjortevald som hadde to løyve og skaut ein kalv og ei kolle. Øvre Sunnylvsbygda felte 61 dyr som var 79 prosent av kvote, i Langedalen slutta hjortejakta med 81 dyr og 62 prosent, Liabygda 62 dyr og 63 prosent og Helstad Hjortevald med 40 dyr og 59 prosent av tildelte kvoter.

Hjortejakta 2018 var slutt 23. desember. Heile fellingsrapporten frå jakta ligg på Stranda kommune si nettside.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380