Nytt renn i Sunnylvscupen

I kveld torsdag 31. januar er det nytt renn i Sunnylvscup på ski. Det tredje rennet år i fri teknikk.
Det har blitt arrangert to renn tidlegare i Sunnylvscupen med knappe 50 deltakarar kvar gong. Det aller fyrste som skulle gå i desember vart avlyst grunna streng kulde.
I kveld blir det fine forhold i Hyttehola. Der er godt med snø, nypreparerte løyper og vermeldinga tyder på få kuldegrader. Rennet går i fri teknikk med fellesstart klassevis. Fyrst startande er dei yngste klassene og andre løparar utan tidtaking frå kl. 17.30, med tidtaking kl. 18.30.
Skigruppa har open kiosk i klubbhuset med sal av vaflar m. m.