Lokalnytt

Samarbeidet Peer Gynt Galleriet / Verdsarvstiftinga held fram

Kunst og kultursenteret Peer Gynt Galleriet ligg på Hellesylt, mellom høge fjell. Eit monumentalt bygg i tre, glas, stein og betong, fylt av kunst verdensklasse.

I Peer Gynt Galleriet på Hellesylt vart det opna ei Verdsarvutstilling i fjor. Utstillinga kom i stand frå Verdsarvstiftinga Geirangerfjorden med omland, Peer Gynt Galleriet og Sparebanken Møre.

«Med naturen som inspirasjon» var malen for ei utstilling med fantastiske bilete frå natur, frå kvardagslivet til folk gjennom alle årstider, kjente personar, musikarar, diktarar og kunstnarar frå Sunnylven. Utstillinga vart godt motteke av publikum, men var ikkje ferdig. Håpet var at det skulle kome ny økonomisk hjelp også til det resterande arbeidet, men det skjer ikkje, seier styreformann i Peer Gynt Galleriet AS, Dag Stadheim.

Styreleiaren håpa at Verdsarvstiftinga som var med på å få på plass utstillinga i 2018 også kunne hjelpe økonomisk med å gjere utstillinga ferdig i år. Viljen er nok til stades frå Verdsarvstiftinga, men signal går på at det ikkje er naturleg å etablere ei Verdsarvutstilling utanfor Verdsarvområdet. Hellesylt ligg som kjent utanfor, så til no har ein ikkje fått lovnad om nye middlar frå bevilgande myndigheiter, seier Dag Stadheim.

Kva skjer med utstillinga og Peer Gynt Galleriet i 2019?

-Verdsarvutstillinga er Peer Gynt Galleriet sitt eige og blir verande i bygget. Men med bakgrunn i seglingslista for cruisebåtar og manglande innsal frå cruiseaktørar blir det redusert opning i sommar. Galleriet blir ope frå 15. juni til 15. august med ein person i halv stilling, opplyser styreleiar Dag Stadheim og presiserer at samarbeidet mellom Peer Gynt Galleriet og Verdsarvstiftinga vil halde fram.

–Vi vil ha eit tett samarbeid med sal innan cruise, Verdsarvstiftinga vil hjelpe med tilsetjing av betjening, opplæring, med kafédrifta og skaffe verdsarvprodukt for sal.

Styret arbeider sjølvsagt også med arrangement som ikkje er direkte knytt til turistsesongen. Peer Gynt Galleriet skal vere ein samlingsstad for bygda der det er kulturelle kveldar, Quiz og andre tilstellingar. Dei faste opningstiden for 2019-sesongen blir som tidlegare fortalt begrensa, men skulle det skje at cruisesalet og andre tingingar tek seg meir opp, kan det bli endringar, avsluttar Dag Stadheim.

I tillegg til å oppleve ei Verdsarvutstilling og treskurd-relieff av kunstnaren Oddvin Parr frå Peer Gynt er det sal av ulike verdsarvprodukt i galleriet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380