Slutten for Hellesylt Kraftverk

I dag er det aller meste etter Hellesylt Kraftverk borte, men mellom anna murar som røyrgata låg på står enno

For lite kraft, ei røyrgate som var lekk, feiring av Firda-kraft til bygda, flaum og til sist samanslåing av kraftlag. Det kan ein lese om i den siste artikkelen om kraftverk i Sunnylven.

I Hellesylt kraftlag var det frå fyrste dag mykje diskusjon om saker knytt til drifta av kraftstasjonen i Steimsfalla. Av møtereferat frå lagsmøta vart små og store ting drøfta og stemt over, og økonomi var viktig, alle ville ha så rimeleg kraft som råd. Kanskje vart viktig vedlikehald forsømt dei fyrste åra.

Oskar Tryggestad vart tilsett som verkspassar ved kraftverket 15. mars 1952. Løna pr. år vart fastsett til 4.800.- kroner. I tillegg til vanleg arbeid på stasjonen skulle verkspassaren ha tilsyn med vasstilførselen, samt syte for opprensking og ishogging når det trongs vinterstid. Han skulle også vere med på vøling av røyrgata når arbeidet kom i gong.

Nye materiale og band til ny røyrgate, no i 200 meters lengde vart tinga, og driftsstyraren vart pålagd å få materialane sendt til Hellesylt frå Greaker på beste og billegaste måte. Styret vedtok å assurere lasten under transporten.

I Nedstevatnet ved Vollset var det no kome ei demning av jord og stein som gav ei lita regulering av vatnet. Regulering av Vatnedalsvatnet var utsett.

Monterte vipper

Til styret i Hellesylt kraftlag kom det søknader både frå private, arrangement, kurs, meieri, Sunnylven kyrkje, ja til og med straum til ei ljospære i ein garasje vart det søkt om. Men i Bygdaelva var det alt for lite vatn til å auke produksjonen spesielt vinterstid. Og for at ingen skulle bruke meir enn det vart gjeve tilsagn om vart det montert vippe, ei «sak» som kopla ut all krafta om ein slo på fleire brytarar og elektriske apparat og dermed meir straum enn som var tildelt. Om så hende var det å famle seg fram i mørke til ein fann ein brytar å slå av, då kom krafta tilbake. Denne snodige innretninga hadde alle og kosta etter kvart kr. 3.- pr. år å leige.

Det hadde gått meir enn 30 år sidan Hellesylt Kraftverk kom i drift. Tilgangen på vatn var begrensa og det var sjølvsagt ekstra ille at røyrgata frå inntaksdammen til stasjonen var lekk. Vatnet fløymde ut meir og meir noko som ikkje gjorde situasjonen for auka produksjon betre. Tidleg i 50-åra vart det vedteke at den måtte reparerast i hundre meters lengde.

Skrudde på brytaren

I 1950 vart Sunnylven kraftlag skipa og same år starta arbeidet med i setje opp høgspentlinja fram mot fylkesgrensa til Sogn og Fjordane. Sunnylven skulle etter kvart få nok og god kraft frå Ålfoten og Firda-kraft, og på ein fin april/mai-kveld 1952 vart krafta sett på. Resten av Sunnylven som fram til då hadde sete i «mørke», og funne fram med hjelp av stearinlys og parafinlampar feira, det var eit storhende som vart markert med flagget til topps og med både smell og nybaka kaker. Og mange fine lampeskjermar var kome på plass i stovene ikring for Sunnylven Bondekvinnelag hadde arrangert lampeskjermkurs.

Nei, kvelden var ikkje heilt lydlaus. Ole Helset var etter kvart ein røynd skytebas, han hadde arbeidd på fleire veganlegg, mellom anna den nye vegen til garden Åsen. Brått drønna det kraftig frå utmarka i Fremsteteigen på Helset, ikkje berre ein gong, men to og tre gonger, kraftigare og kraftigare. Mykje dynamitt gjekk nok med i desse salvane som markerte ei ny tid for Sunnylven.

Bak båtnausta ved Nedstevatnet låg demninga som brast i storflaumen 1956.

Storflaum

Den 22. oktober 1956 var det storflaum i Sunnylven, kanskje ein av dei aller største nokon gong og i Sunnylvsbygda gjekk elva over sine breidder og gjorde alle flater til ein stor innsjø. Det er fortalt at på Storstein heldt ein bonde på med å hauste neper til dyreforet. Lagringsmåten den gongen var i jordkuler ute på åkeren. Alle nepene vart stabla i ei stor kule, dekka med greiner av bartre, gjerne gran og så tildekka med eit godt lag jord over. Når foret skulle hentast vinterstid hogg ein hol i «kula» og plukka ut nepene.

Bonden på Storstein var godt i gong med arbeidet då elva vaks og vaks fortare og fortare. Til slutt fann han det mest tilrådeleg å forlate åkeren på flatlandet og kome seg heim til gards og høgare terreng. Han kom seg trykt heim, men det meste av nepeavlinga reiste i flaumvatnet og hamna nok i Sunnylvsfjorden. Det var sagt at årsaka til den raskt aukande flaumen var at demninga i Nedstevatnet hadde rausa ut.

Fekk leige kraft  

Det var eit krevjande arbeid å halde Hellesylt kraftverk i god og sikker drift, ikkje minst om vintrane. Etterspørselen ut over i 60-åra berre auka på for partslaget Hellesylt kraftverk og det kom mange søknad om å få leige meir. Frå styremøte 17. oktober 1963 står det at partslaget måtte søke Sunnylven kommunestyre om leige av 100 kw. Firda-kraft i fem månader frå 15. oktober. Søknaden vart innvilga mot at partslaget betalte det krafta kosta for kommunen.

Kva prisen var står ikkje, men den var nok høgare enn frå det lokale kraftverket. For på eit styremøte fire månader seinare vedtok styret at avtalen med kommunen ikkje kunne halde fram. No var det tydeleg at auka eigenproduksjon vart vurdert på nytt, for partslaget Hellesylt kraftverk hadde vore i samtale med ingeniør Tomasgård i Elektrisitetsforsyninga i fylket. Tomasgård hadde vore på Hellesylt og sett på Hellesylt kraftverk der han hadde uttala at både stasjon, røyrgate og inntaksdam var i god stand og for godt til å bli lagt ned.

I desember 1964 var kraftkrisa for Hellesylt-området framleis eit faktum og styet i partslaget måtte på nytt søkje om å få leige 100 kw. Firda-kraft. No ville det kommunale kraftselskapet leige bort berre 50 kw. og som skulle takast over på Kjellstadli grense for 100.- kroner pr. kw. i perioden 1. desember og i vel eitt år. Tilbodet vart ikkje godteke av Hellesylt kraftlag, dei fann å ikkje vere tent med dette til forsyning av området det vart tenkt til, nemleg Hellesylt. -Det vil gå med det dobbelte til dette forsyningsområdet, står å lese i uttale frå styret.

Det var nok eit økonomisk spel som foregjekk frå begge partar, for ein månad seinare snur styret og vedtek å leige 50 kw. Firda-kraft på vilkåra som kommunen har fastsett. På same møte vart det vedteke å foreta «opprensking» av turbinen ved kraftverket snarast råd.

Etter omlag 50 år slutta Hellesylt Kraftverk å produsere og partslaget Hellesylt kraftlag vart etter kvart slege saman med Sunnylven kraftlag,

Brev til ordførarar

Ingeniør Tomasgård ved El-forsyninga i Møre og Romsdal hadde no sendt brev til ordførarane i Stranda og Sunnylven om ei framtidig, felles kraftforsyning i dei to kommunane. Begge ordførarane bad Tomasgård kome med eit framlegg om ei samanslåing av alle kraftverka i dei to kommunane snarast råd.

I 1965 vart Stranda og Sunnylven ei kommune og den nye eininga vart frå då av sett på som eitt forsyningsområde for kraft. Sunnylven kraftlag gjekk saman med Stranda komm. Elverk i 1976. Frå 1993 vart namnet endra til Stranda Energiverk, no Stranda Energi AS, og har i dag ansvar for all kraftforsyning i kommunen.

Grøn energi er «gull».

Vi har sett tilbake i gamle papir på ei revolusjonerande storheitstid i Sunnylven. Vi starta vår historieforteljing med å sitere frå bygdeboka, nokre sannheitsord; -Med ljosgreie har det vore eit veldig omskifte og framsteg dei siste mannsaldrane.

Mange «slag» vart nok utkjempa, men same kor mykje interessene sprikte så var arbeidet som partslaget Hellesylt Kraftlag la ned av det største som har hendt i Sunnylven ut frå den tid det skjedde. Det må vel kallast eit stort framsteg å få i drift eit så stort kraftverk den gongen i 1927, det gav nye mulegheiter innan arbeid i bygda og trivsel i mange heimar.

I dag tenkjer vi kanskje ikkje over kor viktig elektrisk kraft er, kor avhengig vi har blitt av å ha sikker og ikkje minst nok av denne energien. Vi oppdagar kor viktig den er kvar gong vi får eit lite straumbrot, då bryt alt saman. På dagar der alt fungerer blir den grøne energien neppe verdsett nok, slik som mykje anna livsviktig i kvardagen.

 

 

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380