Stor cruisebåtsesong i vente
Om tre månader er dei fyrste cruisebåtane tilbake på Hellesylt og i Geirager. Sesongen 2019 blir ein av dei store på Verdsarvfjorden.
I følgje cruiselista, oppdatert 25. oktober i fjor får Geiranger besøk av 225 cruisebåtar, Hellesylt 148. Den fyrste til Geiranger er Maggelan 17. april og på Hellesylt klappar AIDAsol til kai som fyrste båt 2. mai. På andre spesielle dagar får Geiranger besøk av Norwegian Pearl på 17. mai så der kan folketoget bli større enn vanleg. Båten skal også innom Hellesylt ein snartur om morgongen i følgje cruiselista. Under Hellesyltdagane 5. til 7. juli er Costa Pacifica med 3000 cruisepassasjerar innom på morgonen laurdag mellom kl. 09.00 og 10.00.
Spesielt i juni og juli blir mange båtar å sjå på fjorden med høvesvis 70 og 57 anløp, og det blir dagar med opp til fire båtar. På Hellesylt blir det tre «overnattingar» i løpet av sommaren, Cruisebåten Arcadia ankrar opp ved Hellesylt kai frå 10. – 11. mai, og 15 – 16. juni, og Aurora gjer det same 14. – 15. juli. I tillegg har 11 båtar fire timar eller lenger liggetid ved Hellesylt kai i løpet av sesongen.
Dei aller største båtane som kjem er MSC Poesia, 333.33 meter med 4345 passasjerar om bord. Båten besøkjer Hellesylt og Geiranger åtte gonger i løpet av sesongen. MSC Maraviglia er 315.83 meter, har heile 5714 cruisepassasjerar og kjem ni gonger i 2019.
Costa Favolosa kjem 12 gonger på besøk til sommaren, Zenith 11 gonger, MSC Poesia og Costa Mediterranea 8 gonger kvar. Aller flest turar inn Storfjorden og Geirangerfjorden gjer AIDAsol. Heile 15 gonger blir båten å sjå før den avsluttar sesongen som siste båt 20. oktober. I alt 42 ulike cruisebåtar blir å sjå på Hellesylt til sommaren, i Geiranger nokre fleire.