LokalnyttLokalsport

Sunnylvscup med nulløp

Godt vinterver under Sunnylvscup på ski torsdag.

Snøbyene var tette, men deltakinga god då andre renn i Sunnylvscup på ski vart arrangert i skianlegget i Hyttehola torsdag.

Det var realt vinterver, nok snø og nokre kuldegrader då 45 unge og eldre stilte til start i Sunnylvscup på ski i Hyttehola. Også skiføret var godt, men sjølv om enkelte klaga over «is i røbben» var ikkje farta avgjerande denne gongen.

Cuprennet vart avvikla som nulløp der deltakarane gjekk to korte rundar og skulle avpasse eiga fart slik at tida på begge rundane vart mest mogleg lik. Også fleire foreldre deltok i rennet. 7 år og yngre var mellom dei talrike til start, her er mange talent som skal takast vare på, noko Sunnylvscup på ski gjer så flott.

Inne i det nye, flotte klubbhuset vart det som vanleg tilbod på velsmakande go`bitar og drikke. Skigruppa med hjelp frå foreldre var god arrangør av rennet.

To deltakarar i 7 år og yngre, Henrik og Alma Hole Flo.

7 år og yngre.

Fredrik Fivelstad Stadheim, Ane Brenne Ringdal, Willian Støverstein, Alma Hole Flo, Henrik Hole Flo, Leonard Sundgot, Saga Emilie Frøysa, Emma Korsbrekke, Trym Solberg Tryggestad, Kasper Tryggestad Røyr, Tobias Tryggestad Røyr, Vilde Fivelstad Stadheim, June Tronstad, Christine Tronstad, Elias Røyrhus, Ronja Mari Tronstad, Marie Storstein Forbord, Sverre Martin Røyrhus, Selma Sjåstad Hole.

Resultat nulløp.

Siril Kjellstadli 00.00, Lisbeth Lervik 00.03, Trym Helset 00.04, Tonje Støverstein 00.06, Tuva Korsbrekke 00.07, Kai Adam Røyrhus 00.08, Sander Hole 00.09, Martha Friestad 00.10, Sune Frøysa 00.10, Tarjei Korsbrekke 00.10, Siv Anita Nessan 00.11, Petrin Langeland 00.11, Ari Kjellstadli 00.12, Therese Støverstein 00.12, Kristen Brenne Ringdal 00.13, Oscar Ringdal 00.13, Ingeborg Fivelstad Stadheim 00.13, Anniken Hjellbakk Hole 00.16, David Røyrhus 00.17, Marthe Hjellbakk Hole 00.18, Johannes Friestad 00.19, Sina Helen Frøysa 00.29, Kristin Langeland 00.37, Sofie Kjellstad 00.42, Elias Helset 00.48, Linus Frøysa 00.50

 

Utdeling av startnummer.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380