Sunnylvscup på ski torsdag

Torsdag 3. januar blir det Sunnylvscup på ski i Hyttehola. Rennet går i fri teknikk.

Det fyrste rennet i årets Sunnylvscup på ski som var sett opp i desember vart avlyst/utsett grunna mange kuldegrader. No er forholda flotte i skianlegget i Hyttehola med nok snø og rundt null grader i morgon 3. januar, i følgje vermeldinga.

Rettet går i fri teknikk og startar kl. 17.30 utan tidtaking, og ein time seinare for alle som vil gå på tid. Ta med startkontingent kr. 100.- pr. deltakar

Skigruppa håper mange stiller til start i rennet som etter oppsett liste skal vere renn nr. 2. Arrangøren minner om at det er mannskapet for renn nr. 2 som skal hjelpe med avvikling av renn og kiosksal.

Under vil du finne mannskapslista for Sunnylvscup torsdag 3. januar:

 Torsdag 3. januar frå klokka 17.30. Tidtaking kl.18.30

Fristil, enkelstart

Knut Dag Langeland (gruppeansvarleg), Geir Støverstein, Susanne Ringdal, Sven Roger Alme

Kiosk: Rita R. Røyrhus, Oddbjørg Stadheim ( ta med vaffelrøre av 2 liter mjølk og ei kanne kaffi kvar).

Frå styret: 1. Anniken H. Hole 2. Linn Kammen og Maria Aaland Tryggestad

Smørjetips:

For ski i fri teknikk på rundt null grader; Gul glider, grov struktur, drag traktorrillen til slutt!

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380