Lokalnytt

Vil starte rehabilitering av Sunnylven skule

Stranda kommune har avsett middlar til rehabilitering av Sunnylven skule. No ønskjer kommunen å kome i gong med arbeidet.

I melding til Fylkesmannen i Møre og Romsdal 18. januar ber Stranda kommune om stadfesting på opplegg for rehabilitering av Sunnylven skule.

Stranda kommune har sett av 16.5 mill. kroner i 2019 og lagt inn i økonomiplan 63.5 mill. kroner i 2020 til rehabilitering av Sunnylven skule. I skriv til Fylkesmannen ber Stranda kommune om stadfesting på arbeid som må utførast og slik at ein kan kome i gong med rehabiliteringa.

I skrivet peikar Einar Lied, kommunalsjef plan og utvikling på konkrete ting som må gjerast med Sunnylven skule. Han skriv at taket er lekk og må gjerast tett, det må på plass tilfredsstillande ventilasjon i bygget, botnleidningar må utbetrast, veggar må verte tetta og betre isolert, og truleg må det også justerast noko på rominndeling. Om naudsynt kan nokre funksjonar også måtte leggast til tilbygg, skriv Lied.

Kommunalsjefen for plan og utvikling skriv at det i ca. 10 år har vore arbeidd for å finne brukande løysing i praksis og tilstrekkeleg finansiering. No er kommunen på nytt inne i ein fase der ein vil prosjektere og gjennomføre ei tenleg rehabilitering.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380