4H skal bli større og synlegare

På biletet av fylkesstyret er f.v. Kristoffer Kvamme (vara), Tareholmen 4H i Sande kommune, Renate Sandnes (vara), Regnbuen 4H i Eide kommune, Tor Inge Aleksandersen (vara), Regnbuen 4H i Eide, Berit Fredriksen (leiar), Ruggå 4H i Norddal kommune, Anna Kristine Nisja (styremedlem), Fossekallen 4H i Sunndal kommune, Jørgen Malmedal (styremedlem, delvis skjult), Lynet 4H i Fræna kommune, Ragnhild Bjørkedal (alumnrepresentant) frå Freidig 4H i Volda kommune, Lina Marie Bjørkedal (styremedlem), Freidig 4H i Volda og Gunnhild Krekvik (styremedlem), Regnbuen 4H i Eide.

4H i Møre og Romsdal har avvikla si Superhelg i Elnesvågen fyrste helg i februar. Her fekk Berit Fredriksen (32) frå Valldal fornya tillit som leiar i 4H fylket.

Pressemelding: Åge Avedal, regionleiar 4-H Møre og Romsdal.

Over 100 deltok på årsmøtet i 4H Møre og Romsdal 3. februar, mellom dei også fleire frå Fjellrosa 4H i Sunnylven. Og 4H skal bli større, synlegare og jobbe smartare, slo årsmøtet fast.

Berit Fredriksen frå Valldal vart attvalt som leiar i fylkesstyret. Ho har klare tankar om det viktige arbeidet som 4H står for og kva dei må arbeide meir med i framtida.

– Eg vil at vi skal bli endå fleire i den flotte organisasjonen vår. I tillegg må vi bli synlegare i sosiale media og i dei tradisjonelle media, slår ho fast.

Inkludering og friluftsliv

– Vi må starte fleire klubbar og rekruttere fleire medlemer. Framleis er det mange kommunar der 4H ikkje er eit av fritidstilboda. Det må vi gjere noko med, seier Berit Fredriksen etter årsmøtet i Malmefjorden 3. februar.

Berit Fredriksen tek no til på sin fjerde periode som leiar i 4H Møre og Romsdal, og gler seg til tida framover.

– Vi skal jobbe med fleire spanande prosjekt framover. I 2019 startar vi opp prosjektet «4H for alle», der målet er inkludering. Vi har også fått 800 000 kr støtte frå Gjensidigestiftelsen til prosjektet «Draumeplassen», der vi vil lyse ut ein konkurranse i fylket der fem lokalsamfunn kan vinne 100 000 kr og hjelp til å lage ein naturmøteplass, fortel Fredriksen og held fram:

4H vil jobbe for å bli større, smartare og synlegare.. Ein plakat frå grupperabeid under Superhelga.

– 4H er så bra fordi alle kan vere med! Her er ingen krav til at ein skal vere spesielt god i noko. Alle er velkomne. I tillegg er det god spreiing i alderen, slik at medlemmene lærer å ta omsyn til kvarandre og samarbeide på tvers av alder. Allereie frå ung alder lærer ein korleis ein organisasjon og eit demokrati er bygd opp. Og ikkje minst – vi knyter nye venskap både i fylket, landet og internasjonalt. No skal vi jobbe for at endå fleire blir med i 4H

Aktiv i 20 år

Fredriksen har sjølv vore aktiv i Ruggå 4H i Valldal i over 20 år. Ho starta i 10-års alder, fekk 4H-plaketten i 2004 og vart vaksen klubbrådgjevar i Ruggå 4H då ho flytta heim etter studia som barnevernspedagog.

– Å bli gjenvalt som leiar i fylkeslaget ser eg på som ei tillitserklæring. Vi har eit bra fylkesstyre, som er engasjerte og klare for innsats.

Under årsmøtet vart Anna Kristine Nisja (15) frå Fossekallen 4H i Sunndal kommune og Lina Marie Bjørkedal (24) frå Freidig 4H i Volda kommune valt som nye medlemer i fylkesstyret. Jørgen Malmedal (25) frå Lynet 4H i Fræna kommune og Gunnhild Krekvik (26) frå Regnbuen 4H i Eide kommune er også medlemer i styret i 4H Møre og Romsdal.

4H Møre og Romsdal har 35 aktive 4H-klubbar rundt om i heile fylket og i alt 600 medlemer, dei fleste i alderen 10 til 18 år.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380