Lokalnytt

Årsmøte i Hellesylt Ungdomslag

Marianne Fivelstad held fram som leiar i Hellesylt Ungdomslag. Også andre val og årsmøtesaker vart klubba gjennom samrøystes.

Hellesylt Ungdomslag heldt årsmøte 1. februar. Berre eit fåtal av laget sine 141 medlemer møtte på Øcal kafeteria der det vart lagt fram fyldige årsmeldingar frå hovudstyret og undergrupper.

Som vanleg i HUL var også 2018 eit aktivt år. Fleire frå laget var til stades på årsmøtet i Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag der Egil Røyrhus vart tildelt Aktivitetsprisen frå Ungdomssamlaget. Også Astrid Ringdal frå Hellesylt Ungdomslag fekk denne prisen i 2008.

Den årlege Grendakvelden samla som vanleg fullt samfunnshus, og dette året var det Dalarane som sytte for friske innslag frå scena.

I mai vart det innvitert til standup show og dans, og saman med Sunnylven sokneråd var laget tilskipar av kyrkjekonsert med Halvdan Sivertsen under Hellesyltdagane. Og andesleppet under sommarfesten på Hellesylt gjekk ryddig unna med 2224 selde andelodd som var ny rekord.

På slutten av året tok medlemer i laget del i TV-innsamlinga for Kirkens bymisjon. HUL skipa til ungdomsfest med ungt besøk frå både Hornindal og Stranda, og laget stod for salet av «Jul på Sunnmøre», står å lese i årsmeldinga frå hovudstyret.

Marianne Fivelstad er aktivt med i mangt, mellom anna som leiar i Hellesylt Ungdomslag.

Val: Marianne Fivelstad leiar.

Styremedlemer: Wenche Solli, Kim Sture Flo, Liv Norun Langeland Runde, Randi Sæter (ny). Varamedlemer: 1. Margretha Janssen, 2. Synnøve Kjellstad. 3. Grete Bjørdal.

Valnemnd: Knut Dag Langeland leiar, Per Kjell Leite, Egil Røyrhus.

Unge dansarar frå HUL på Sjokoladekappleik på Mork siste haust.

Barnelaget

Like imponerande er aktiviteten i Barnelaget, ei av undergruppene til HUL. Fleire danseøvingar og seks danseopptredenar. Frå årsmeldinga saksar vi «Dansens dag» på omsorgssenteret, ny dans same stad 17. mai, opptreden med fleire typer dans ved utescena under Hellesyltdagane, tur til Parken kulturhus og teater i september, deltaking på Sunnmørsstemne på Fiskå, og Sjokoladekappleik på Mork i november.

På «heimebane» har Barnelaget skipa til Generasjonsfest med program, hallingkurs med instruktør Anna Gjendem og lurblåsarkurs med Thea Marie Ytterdal.

Styret barnelaget: Barbro Lade, Kristin Urkegjerde, Oddbjørg Stadheim, Lisbeth Lervik, Rita Rudning Røyrhus.

«Dalarane» var i storslag under den årlege Gendakvelden.

Teatergruppa

Det vart ikkje teater med HUL til jul 2018. –Vi gjekk på med godt mot tidleg for å prøve å kome i hamn med eit teaterstykke til fjerde juledag. Vi såg oss ut eit par stykke, men lukkast diverre ikkje å fylle dei mannlege rollene, står å lese i årsmeldinga.

Styret teatergruppa: Marianne Fivelstad, Linn Kammen, Synnøve Sæther, Solveig Espe, Torstein Fivelstad.

Badehuset

-Hellesylt har klart å ta vare på dugnadsånda, utan den hadde det ikkje vore noko badehus, skriv styret. Det har blitt utplassert nye benkar ved badestranda og som bebuarane ved omsorgssenteret har nytta mykje. Det er blitt halde dugnader , spesielt rydding av tang noko også badegjestar har hjelpt med, og Radio1 kåra badestranda og huset til ein av dei finaste badeplassane i Norge. Solsnubadinga i 10 grader 22. desember samla 11 friskusar

Styret for Badehuset:

Asle Ringdal, Even Andre Bjørneseth, Tarjei Korsbrekke, Kristoffer Frøysa, Inge Korsbrekke.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380