Årsmøte i Sunnylven samfunnshus
Foreininga Sunnylven samfunnshus har halde årsmøte med vanlege årsmøtesaker på saklista. Tor Arne Tryggestad tok attval som leiar i styret.
For to år sidan vart organisasjonsforma for Sunnylven samfunnshus endra frå partslag til foreining. I 2018 var 81 medlemer mot 91 året før. Foreininga var mellom fleire som fekk Teft-middlar frå Sparebanken Møre under Hellesyltdagane. Mykja av dei 150.000.- har blitt nytta til kjøp av nye stolar og bord. Av Flakk-gruppen fekk Sunnylven samfunnshus overta oppvaskmaskina frå Grand Hotel. Med noko service og utskiftingar er den på plass og fungerer godt, skriv styret.
Av vedlikehald framover er tenkt nytt belegg i Fossedur-salen. Dette er foreløpig sett på vent til den planlagde rehabiliteringa av bygget er gjennomført, står å lese i årsmeldinga. Sunnylven samfunnshus er bygt i kombinasjon med skulen og har avtale med Stranda kommunen om at kommunen står for utvendig vedlikehald og samfunnshuset for innvendig vedlikehald.
Foreininga Sunnylven samfunnshus hadde auke i utleigeinntektene og med gåver og kontingentar viste rekneskapen eit overskot for 2018 på vel 39.000.- kroner.
Ved val av styre hadde Even Andre Bjørneseth sagt frå seg attval. Styret er:
Tor Arne Tryggestad, leiar, Inghild Storstein (attval), Gunn Tryggestad (attval), Eivind Louis Helset, Olav Sætreås (ny).
Varamedlemer til styret:
1. Egil Røyrhus, 2. Olveig Frøysa, 3. Per Ottar Alme.
Ettersynsperson / revisor: Oddbjørg Stadheim
Valnemnd: *Inge Bjørdal leiar (2019), *Wenche Solli (2019 / 2020), *Jarle Steffen Hole 2019 / 2020 / 2021)