Den staselege geitebukken
Det er over 60 år sidan denne dyrehistoria vart eit varig minne. Ein stor geitebukk var komen heim frå gode sommardagar og velsmakande fjellgras i Rindane ved innløpet til Geirangerfjorden. No vart han tjora på ho-beite like ved fjøset på heimegarden.
Geitebukken hadde fått namnet Napoleon. Det var eit staseleg dyr, han hadde kraftige bein, langt kvitt og blågrått ragg, og horna som krølla seg ut og bakover nådde nesten ned på ryggen. No stod han ute på ho-beite, åleine med eit band kring halsen og eit vel fem meter langt kjettingtjor festa til ein jarnstaur i bakken. Det var eit forferdeleg liv for ein stor og staseleg geitebukk som hadde hatt friheita og sorglause dagar på fjellbeite gjennom sommaren. Han vandra kvilelaust omkring og brekinga tyda på at han misslika livet på heimegarden.
Staseleg syn
Verst var det kvar morgon når geiteflokken kom ut av fjøset for å ta turen til beitemarka. Han høyrde klangen frå bjøllegeita og alle dei andre glade lydane frå dei andre i flokken. Det var så frykteleg å stå fast i tjoret, det gjorde livet trist og lite meiningsfylt. Han prøvde å svare på golydane frå «damene» sine, stundom var tonefallet djupt og mørkt, andre gonger var lydane ljose som ein songtenor. Men alltid enda desse kurtiserande forsøka med svar i om lag den same klagande lyd frå nabobruket på andre sida av elva. Der stod ein kollega, også han i tjor og hadde det tydeleg vis like keisamt.
Slik gjekk dagane, Napoleon vart beundra og bedømt av mange folk, spesielt når tjoret nådde fram slik at han kunne klatre opp på den store steinen. Då var han eit staseleg syn. Men han drøymde nok om å kome seg opp i fjellet igjen der geitene gjekk og kosa seg med saftig og variert vegitasjon, lauv, lyng, bork og sjølvsagt gras.
Stakk til fjells
Daga og veker gjekk ut over hausten, alt var med det same, einsame livet dag ut og dag inn. Men så, ein morgon hadde noko uventa skjedd, jarnstauren stod på halle og Napoleon var borte. Det vart stort oppstyr og spørsmålet kvar bukken hadde teke vegen. Og var han i live eller hadde han hengt seg fast etter det lange tjoret og forulykka?
Med kikkert var utmarka kontrollert så høgt som husdyr kunne gå, og langt der oppe i ei steinurd stod Napoleon på ein stein. Der stod han fast i tjoret som hadde kila seg fast i urda.
Oppdraget med å hente bukken ned til gards igjen skulle vise seg å bli verre enn tenkt. Vel framme ved rømlingen viste det seg at eg og onkel var langt frå velkomsten. Napoleon var slett ikkje blid der han stod bom fast og kjente at friarturen etter Imå, Ålå, Lykle og dei andre i geiteflokken hadde teke slutt. Når vi to nærma oss reis han opp på bakbeina og nikka trugande. Det vart både lokka, godprata og han fekk tilbod om mange gosaker som lauv og andre vekstar, men det hjelpte ikkje.
Kamp
Då vart det prøvd med hardare lut, ein roten orestokk knust over horna så molane dreiv i alle retningar trudde vi skulle få den aggressive geitbukken til å mjukne. Men nei, verknaden var lik null. Ein ny stokk vart henta og «knust» på same måte, men då tok Napoleon til motmæle ståande på bakbeina. Han var klar til å halde fram kampen til siste slutt. Det var berre å innsjå at her hadde vi ingen ting å gjere og vi rusla heim til gards utan bukken.
Napoleon kom til gards seinare same dag. Husbonden sjølv henta han og då fylgde han viljug ned igjen. Det frie livet stoppa i ei steinurd opp under fjellet, no var det tilbake til det keisame med eit langt tjor til ein godt festa jarnstaur.
Like før jul same år vart Napoleon slakta. Dei staselege horna vart hengd på fjøsveggen og teke vare på ei tid, men då nikka dei ikkje trugande lenger.