Fekk pris for fylkets beste geitebukk

Astrid Tronstad Dyrkorn og Kjell Arne Dyrkorn med bevis og blomar på at geitebukken Anton som kom frå deira fjøs var fylkets beste i 2018

Anton heitte årets geitebukk i Møre og Romsdal i 2018. Avlsbukken kom frå geitebuskapen til Astrid Tronstad Dyrkorn og Kjell Arne Dyrkorn i Nibbedalen i Sunnylven.

På årsmøtet i Møre og Romsdal sau –og geit vart det kjent at beste bukk i geiteavlen i fylket kom frå Sunnylven i 2018. Astrid Tronstad Dyrkorn og Kjell Arne Dyrkorn har avlsbuskap og driv eit geitbruk på garden Haugen i Nibbedalen med 190 mjølkegeiter med god avdrott. Det var nok ikkje heilt uventa at det kom bukk med gode avlsgener frå geitbruket, men likevel gledeleg.

Her kom altså geitebukken 2016369 Anton til verda i mars 2016 og det vart ein stor og kraftig bukk. Diverre kan vi ikkje vise bilde av bukken, men når Kjell Arne skal vise kor stor han var er handa ein meter oppe frå golvet. Retteleg eit stasdyr med kraftige bein, men litt sær og eigenrådig seier Astrid som røper at det var i grunnen berre henne han hadde respekt for.

Anton levde til hausten 2018 og etterlet seg ti døtre med gode gener som produserte godt med mellom anna høg feittprosent, godt med protein og lavt celletall i mjølka. Så bra var avdrotten frå døtrene at Anton vart årets bukk i Møre og Romsdal.

På eit styremøte i Sunnylven sau –og geit måndag kveld kunne Astrid og Kjell Arne motta eit synleg bevis frå Møre og Romsdal sau og geit på at dei hadde vore eigarar av Årets bukk 2018. Prisen var ein plakett og eit gåvekort frå Felleskjøpet, overlevert av leiar i lokallaget, Synnøve Kjellstad. Og frå Sunnylven sau og geit fekk dei to blomster.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380