Lokalnytt

Førebur vedlikehald av skulen

Sunnylven skule vart teken i bruk hausten 1973. Etter 45 år skal den no restaurerast.

Stranda kommune jobbar for å kome i gong med restaurering av Sunnylven skule. Det blir truleg halde oppstartmøte denne veka.

Stranda kommunestyre har avsett middlar både på årets budsjett og for 2020 til restaurering av Sunnylven skule. Kommunalsjef for oppvekst, Tone Lillebø jobbar med opplegget for utbetringsarbeidet og seier at arbeidet vil kome i gong i løpet av året.

Det vil truleg bli kalla inn til oppstartmøte denne veka. Tone Lillebø fortel at det har vore personar på staden og sett på kva som må gjerast for å få laga ein fornya tilstandsrapport som grunnlag for anbod på arbeidet. Ho håper at deler av renoveringsplanen som var laga for nokre år sidan kan nyttast.

-Vi er nøydde til å kome i gong i 2019. Korleis vi skal organisere undervisninga medan arbeidet pågår må vi kome tilbake til. Der er fleire lokale på Hellesylt som er aktuelle som klasserom, men det må leggjast opp slik at det er funksjonelt for dei som jobbar i skulen, seier Tone Lillebø.

Ventar på svar frå Fylkesmannen

I januar sende kommunalsjef plan og utvikling, Einar Lied brev til Fylkesmannen der det vart skissert kva som må gjerast med Sunnylven skule. Svar er ikkje kome enno.

-Før vi startar opp må vi ha ei avklaring angåande reguleringsplan og flodbølgjeproblematikken slik at vi seinare slepp å få høyre at vi har gjort noko gale, seier Lied.

Byggenemnd

Ordførar Jan Ove Tryggestad håper spørsmåla kring ras og flodbølgje ikkje blir noko problem. Han har tidlegare i møte med Fylkesmannen fått klar beskjed om at ein på grunn av godt opplegg med overvaking kan bu og bygge som før på Hellesylt.

Ordføraren Tryggestad opplyser også at formannskapet må veljast ei byggenemnd for restaureringa av Sunnylven skule. Truleg blir den samansett både frå administrasjon og med politisk valde medlemmer. Han er tydeleg på at det er skulen som skal restaurerast, så symjehallen får vente.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380