Gode i Marka Rundt

Gode sunnmøringar i turrennet Marka Rundt, til venstre Olav Erling Aaland, Sunnylven IL, og Knut Anders Hatlen, Stranda IL. (Foto frå arkivet)

Turrennet Marka Rundt vart arrangert i Trondheim søndag. På resultatlista for menn finn vi deltakarar frå Stranda og Sunnylven høgt oppe.

Laurdag for ei veke sidan gjekk Markatrimmen i Trondheim. Der var både Knut Anders Hatlen frå Stranda IL og Olav Erling Aaland, Sunnylven IL begge høgt oppe på fyrste side av resultatlista.

Også under turrennet Marka Rundt søndag 17. februar viste dei solid form med 9. plass til Knut Anders, 2.08.55 og 12. plass til Olav Erling, 2.10.36. I alt 232 starta og fullførte i klassa for menn. Det nærmar seg Birkebeinerrennet laurdag 16. mars. Begge er i form så der er dei vel klare til start.

Vinnar av Marka Rundt vart Chris Jespersen, Strindheim IL, 1.52.52 i klasse menn, og Anne Nevin, Byaasen skiklubb, 2.26.29 i klasse kvinner.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380