Godt år i Sunnylven sanitetslag
Sunnylven sanitetslag har halde årsmøte. På saklista stod vanlege årsmøtesaker, årsmelding, rekneskap og val.
På årsmøte i Sunnylven sanitetslag nyleg kunne laget vise til stor aktivitet i 2018. Arrangementa hadde vore mange og rekneskapen fortalde om solid drift.
Val
Kari Hauso Stadheim stod på val, men held fram som leiar i Sunnylven sanitetslag og har desse med seg i styret: Hilde Langlo Brekke nestleiar, Ingebjørg Saarheim Fivelstad kasserar, Ann Janne Hole, Gerd Helset (ny).
Varamedlemer: Nina Øye Hole (ny) (vert fast kalla inn til styremøte), Anne Marie Hauge Ljøen, Ruth Nygaard Frøysa,
Valnemnd: Solbjørg Alme, Ruth Hole Aaland, Birgit Ulleberg Hovde (ny).
Frå aktiviteten
Årsmeldinga fortalde om eit nytt, aktivt år for sanitetslaget. Laget hadde gleda alle som runda 90 i 2018 med blomar, det har blitt halde medlemsmøter, trimturar, og invitert til kafé. Under Hellesyltdagane hadde laget sin loppemarknad, og før jul i samband med juleverkstad og Lucia-markering vart det servert mat til alle elevar og tilsette ved skulen.
Dette er berre litt av det vi kan sakse frå årsmeldinga og aktiviteten som også gav eit godt økonomisk resultat. Sunnylven sanitetslag delte ut fleire pengegåver, 500.- kroner til fadderskap i Etiopia, 5000.- kroner til Spleiselaget for verving og organisasjonsutvikling, Kvinnemedisinsk forsking fekk 5000.- kroner og Aksjonsveka mot rus 1000.- kroner.
Fyrst på arbeidsplanen for 2019 står binding av fastelavnsris og sal, ei viktig inntektskjelde for laget, og fastelavnskafé laurdag 23. februar på Sunnylven samfunnshus, får hellesylt.info opplyst.