Havlanddagar på Hellesylt

Tare var ein populær fyr. Her er han omsverma av elevane frå 10. klasse ved skulen.

Mange sparekonto fekk påfyll under Havlanddagar på Hellesylt tysdag. I Sparebanken Møre var mange innom for å tømme Tare-sparebørsa si.

Til Sparebanken Møre på Hellesylt kom det innom 55 unge spararar for å setje pengane sine inn på konto. Å spare for å ha til bruk seinare i livet er viktig, noko mange gjer. I år var det ti fleire enn i fjor som var innom banken.

Og alle som kom fekk seg servert kake, kjeks, brus, ei lita refleksgåve, og den som ville kunne vere med på ansiktsmåling, konkurransar eller teikne noko fint. Dei vaksne fekk spandert kaffi og nokre smarte råd.

I Sparebanken var det i perioder folksamt, men plass nok til at alle fekk helse på Tare. Han var som alltid like blid og hadde den store skåla si full av gullmyntar som han delte raust ut av. Kjekt å møte ein så trivelege «gubbe», nesten ein god grunn berre det til å besøke Sparebanken Møre og Havlanddagane. Tare gleda seg veldig over det gode besøket under Havlanddagen på Hellesylt.
Ikkje minst var Tare godt lika av elevane i 10. klasse ved Sunnylven skule. Dei hadde «jobbdag» i banken med rydding, ansiktsmåling og andre gjeremål under Havlanddagen. Dei skulle få ei lita løn for jobben og den skulle gå inn på kontoen deira for klassetur om nokre månader, fekk vi oss fortalt.

Å få litt farge i ansiktet var populært. Og Tare han gjekk aldri tom for gullmyntar.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380