Klargjorde hundre fastelavnsris

Etter to timar jobbing av trufaste hjelparar kunne frå høgre Solftid Onsøien Lien, Ingebjørg Saarheim Fivelstad og Gerd Helset vise fram kassevis med ferdige fastelavnsris. Legg merke til kaffikoppane nederst i bildet til venstre. Det var tid for kaffipause.

Måndag hadde Sunnylven sanitetslag sin vesle, tradisjonelle dugnad. Då var medlemer samla i arbeidsstova på omsorgssenteret for å klargjere årets fastelavnsris.

Ei merkevare og ei av inntektskjeldene til lokallaga i Norske kvinners sanitetsforeining er sal av fastelavnsris. Å lage bukettar av bjørkeris, pynta med fargeglade fjør har vore ein fast tradisjon også i Sunnylven sanitetslag. Måndag var 17 eldre og yngre medlemer samla i arbeidsstova på omsorgssenteret der det vart flotte salsvarer av god norsk fjellbjørk.

Salet av fastelavnsris skal elevar frå 8. klasse ved Sunnylven skule stå for. Etter avtale skal betalinga for jobben vere halvparten av inntektene frå salet av fastelavnsris, får vi oss fortalt. Det kan bli ein god slant pengar til felles opplevingar for elevane. Så ta godt imot dei unge seljarane, eit kjøp av fastelavnsris er støtte til fleire formål også i år. Prisen for eit ris er 75.- kroner.

Fastelavnssøndag er i år 3. mars, men alt på laurdag 23. februar inviterer Sunnylven sanitetslag på fastelavnskafé på Sunnylven samfunnshus. Der håper laget på godt frammøte.

I alt 16 damer og ein mann var på plass i arbeidsstova for å lage årets fastelavnsris for Sunnylven sanitetslag. (Foto: Privat)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380