Lokalnytt

Laga feststemning på omsorgssenter

I påvente av servering laga Arnfinn Tryggestad t.v. og Ole Karl Vollset flotte bilete med rettleiing frå kunstnar Lisbeth Øie.

Bebuarane ved Sunnylven omsorgssenter fekk besøk av elevar og lærarar frå Stranda vidaregåande skule tysdag. Eit årleg treff mellom unge og eldre og som alle set pris på.

Tysdag denne veka hadde bebuarar ved Sunnylven omsorgssenter besøk av elevar frå Stranda vidaregåande skule. Denne dagen sytte elevane og lærarar frå skulen for både servering, underhaldning og kunstneriske aktivitetar på omsorgssenteret.

Svingom i daglegstova

Då hellesylt.info gjorde innsteg ved eldreheimen vart vi møtt av flott musikk. Diskotonane kom frå eit tangentinstrument traktert av faglærar Per J. Alnes, noko han gjorde så bra at både betjening og fastbuande hadde svinga seg på parketten i daglegstova.

Og der dufta det herleg middag frå kjøkkenet. Fleire elevar frå Restaurant –og matfag ved Stranda vidaregåande skule var i sving med klargjering av eit velsmakande måltid.

Middagskokkane, frå venstre Moa. Binjam, Tom Arne og Jakob.

Flott møte mellom generasjonar

-Vi har hatt «lammeveke» på skulen så i dag serverer vi lammefrikase med grønsaker og poteter. Til dessert blir det tjukkmjølkspudding, fortalde lærar Per J. Alnes. Dei fire kokkeelevane på kjøkkenet var Moa Mahmod, Benjam Remuy, Tom Arne Grønningsæter og Jakob E. Foldal.

Og til å servere det fristande måltidet var elevar frå helse –og oppvekst klare til å ta seg av. Det er flott å få ta turen og spreie glede med god mat, tykte lærar Inger Marte Sævik. –Vi blir så hjarteleg velkomne og opplever eit så flott samspel mellom elevar og dei eldre. Til Sunnylven er vi berre ein gong i året, men liknande opplegg har vi på Stranda fleire gonger. No har vi gode søkjartal til Stranda vidaregåande skule for neste år så då får vi fleire elevar å spele på. Kanskje kan vi utvidar dette tilbodet til både Liabygda og Geiranger, sa Sævik.

Elevar frå helse -og omsorg stod for serveringa, frå v. Anette Solli Frøysa, Jannifer Pasquito, Emilie Hjelle Langlo, Anna V. Indreeide, Maria Teigen, Silje Årdal, Moa Mahmod.

Snart kokkar med fagbrev

Elevane ved helse –og omsorg som besøkte Sunnylven omsorgssenter er inne i sitt fyrste læringsår, men dei ved Restaurant –og matfaglinja går siste året med eksamen i juni. Då er dei utdanne institusjonskokkar. Lærar Per J. Alnes har skaffa alle lærlingplassar alt, og som fører fram til fagbrev, fekk vi oss fortalt.

At eldre også har kreative evner langt opp i åra fekk vi synlege bevis på i daglegstova. Medan bebuarane venta på middagen fylte dei ventetida med mellom anna måling av små bilete, godt rettleia av kunstnar Lisbeth Øie.

På Hellesylt tysdag var også lærarane Inger Marte Sævik og Per J. Alnes.
Litt Ludo-spel i ventetida før middag.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380